Vekemeny 7

Ny vekemeny er på plass, og her i heimen er det siste innspurt før vinterferien. Vi pakkar straks kofferten og reiser til varmare strøk. Det blir herleg! Men før den tid skal oppskrifter testast ein gong til, kapittel skrivast og blogginnlegg klargjerast. Her er det berre å stå på.

Vekemeny 7

Då ønskjer eg deg ei fin veke, glimt frå varmare land kjem du til å finne på Instagram/Instastories. Meld deg gjerne på nyheitsbrevet til bloggen nederst på sida her. Legg inn e-postadressa di, så får du oppdatering to søndagar i månaden.

Mandag

fransk løksuppe

Gratinert løksuppe

Gratinert løksuppe er nydeleg godt samstundes som det må vere ei av dei billegaste suppene du kan lage. Perfekt for studentar som treng næringsrik mat for få kroner. Kjenner du… Fortsett å les »

Tysdag

kjapp middag

Steikt ørret med brokkoliwok

Steikt ørret med brokkoliwok er ein perfekt måte å bruke opp brokkolistilken på. Den er jo for god til å kaste! Ved å bruke ein mandolin er det like kjapt… Fortsett å les »

Onsdag

kvitvinsdampa blåskjell

Fiskesuppe med reker og blåskjell

Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »

Torsdag

krema kylling med spaghetti

Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld… Fortsett å les »

Fredag

cashewnøttpizza med kjøttbollar

Cashewnøttpizza med kjøttbollar

Det har gått omlag akkurat eitt år sidan eg slutta å ete gluten, og det har gått heilt strålande. Med eitt unntak… eg saknar pizza! Før laga vi stort sett… Fortsett å les »

Laurdag

hønsefrikassé 2.0

Hønsefrikassé 2.0

Hønsefrikassé 2.0 er min andre versjon av hønsefrikassé og du verden så god den blei! Dei høgaste skussmål frå dei som fekk smake, og heldigvis i så rikeleg mon at… Fortsett å les »

Søndag

sitron kylling

Heilsteikt kylling med sitronsmør og rotgrønsaker

Heilsteikt kylling er nydeleg men best av alt: superenkelt å lage! Det einaste den treng er litt tid i omnen, så her er det berre å klargjere fuglen og la… Fortsett å les »

Noko godt

vaniljeis og espresso

Affogato

Affogato må vere ein av dei kjappaste og enklaste dessertane du kan servere. Ein dessert for vaksne samtidig som det er lett å lage ein barneversjon. Likar du kaffi? Likar… Fortsett å les »

Brødmat

speltbørd i gryte

Eltefritt speltbrød i gryte

Spelt blir rekna som ein av urkornartane og kan med stort hell erstatte kveitemjøl i nesten alle oppskrifter. Mjølet er mindre foredla og har dermed bevart sine opprinnelege eigenskapar og vert… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.