Reklame

Nøttepålegg

Nøttepålegg er kjapt og enkelt å lage, og slår sukkerversjonen frå butikken ned i støvlane. Dette nøttepålegget kan du servere til kidsa med godt samvit, her er det nøttene som spelar hovudrolla og ikkje sukker og olje. Ved å røste hasselnøttene i omnen før du lagar pålegget får du ekstra godt fram den gode nøttesmaken. Det er ikkje mange minutta i omnen som skal til før dei er klare.

nøttepåleggNøttepålegg

Har du ein kraftig blender som kan lage nøttesmør kan du bruke den. Eller du kan bruke ei matmølle slik eg har gjort her. Pass på at du stoppar maskina ofte dei første minutta, og skrapar den nøttemassen slik at den blir med i blandinga. Etterkvart som det blir meir nøttesmør kan maskina gå av seg sjølv. La den kjøre så lenge at du får eit blankt og skinnande nøttesmør.

sjokoladepålegg

Fekk du lyst å lage knekkebrøda på biletet? Dei finn du her.

Oppskrift på Nøttepålegg

1 glas / 10-12 porsjon / Tid: 15 min

  • 250 g Helios hasselnøtter
  • 4 ss kakao
  • 4 ss Helios kokosblomstsukker
  • 1/8 ts salt
  • 1/4 ts vaniljepulver
  1. Set steikeomnen på 200 grader.

  2. Fordel hasselnøtter på eit bakepapirkledd steikebrett og røst dei i omnen i 5 minutt.

  3. Legg nøttene over på eit kjøkkenhåndkle og bruk dette til å gni av mest mogleg av det brune skalet.

  4. Ha nøttene over i ei matmølle eller ein kraftig blender og kjør til du har skinnande glatt hasselnøttsmør. Dei første minutta må du stoppe maskina og bruke ein slikkepott for å skrape massen ned frå kanten. Etterkvart som massen held seg nede kan den berre gå utan at du gjer noko.

  5. Tilset kakao, sukker, salt og vaniljepulver og kjør saman til alt er blanda.

  6. Hell over på tett glas og oppbevar i romtemperatur.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.