Indisk kyllinggryte med raita

Indisk kyllinggryte med raita har nydeleg kryddersmak og fantastisk fin farge. Ingefærrot og gurkemeie skal jo vere betennelsedempande og er mykje brukt i indisk mat. At ingefærrot smakar godt og at gurkemeie gir retten ein nydeleg farge er ein bonus. Ikkje la deg skreme av alle kryddera som skal i, desse har du bruk for i krydderhylla di uansett så det er berre å handle inn. Dei held lenge!

indisk kyllinggryte med raita Indisk kyllinggryte med raita

Om du er redd for at gryta skal bli for sterk treng du ikkje ha i chilipulver, og du kan halde tilbake på litt av ingefærrota. Curry varierar også veldig etter merke. Smak på gryta og ha heller i litt meir om det trengst. Når det er sagt så er ikkje denne oppskrifta særleg sterk. Og med raita servert ved sidan av får du i tillegg noko å kjøle ned tunga på.

kyllinggryte med raitaSom du ser på bileta så har eg brukt kylling som fell heilt frå kvarandre her. Det er fordi eg har kokt kraft av ein heil kylling, og brukt kjøtet i gryta her. Du treng ikkje ha ferdig kokt/steikt kylling, og difor har eg skreve oppskrifta med utgongspunkt i rå kylling. Har du ferdig kylling som meg har du den berre i gryta til slutt, slik at den rekk å bli varm. Håper gryta fell i smak!

kyllinggryte med raita

Kyllingsuppe med nanbrød har vore ei av dei mest populære oppskriftene her på bloggen. Enkel kvardagsmat, og så kan du lage nanbrød ein dag du har god tid.

Oppskrift på Indisk kyllinggryte med raita

4 porsjonar / Tid: 30

Kyllinggryte

  • 250 g kylling
  • 2 ss olje (kokos/solsikke)
  • 1 løk
  • 1-2 sjalottløk
  • 1 gul paprika
  • 1 grøn paprika
  • 2,5 cm ingefærrot
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts koriander
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts gurkemeie
  • 2 ts curry
  • 1/2 ts chilipulver
  • 400 g hakka tomat
  • 400 ml kokosmjølk
  • 2 dl kyllingkraft (vatn + buljong)
  • 1 raudt eple
  • 2 dl spinat
  • Salt og pepar

Raita

  • 2 dl gresk yoghurt
  • 1/4 agurk
  • 1/2 ts spisskummen
  • salt og pepar
  • 1-2 ss sitronsaft
  1. Del kyllingen i bitar og fres den i litt av oljen til den blir gyllen. Legg til side.

  2. Del løk og sjalottløk i terningar og fres i oljen til den blir blank.

  3. Ha i paprika i terningar og finhakka kvitløk og ingefærrot. Ingefærrota skrellar du enklast ved å bruke ei teskei.

  4. Rør inn alle kryddera og la dei frese med 1-2 minutt.

  5. Hell over hakka tomat, kokosmjølk og kraft. Kok opp.

  6. La gryta småkoke og ha i kyllingbitane.

  7. Del eplet i terningar, skalet treng du ikkje fjerne, og ha i gryta.

  8. La suppa småkoke i 10 minutt, rør inn spinat 2 minutt før servering.

  9. Raita: riv agurk på eit grovt rivjarn. Bland saman yoghurt, agurk, spisskummen, salt, pepar og sitronsaft.

  10. Servér kyllinggryte med raita til, og gjerne frisk koriander om du har.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.