Vekemeny 5

Vekemeny 5 er klar og i tillegg så får du tips om korleis mikroomnen din kan bli rein i ein fei. Her er det ikkje pyrolyse som gjeld, men ei lita skål med sitron og vatn. Etter å ha kjørt dette på full guffe i fem minutt er det lett som ein plett å tørke omnen rein med ein fuktig klut. Kanskje er det fleire som har smelta smør i omnen utan lokk og treng ein kjapp måte å fikse problemet på?

sitron mikroomn

Sitronvask av mikroomn på 5 minutt:

  1. Del ein sitron i to og legg den i ei skål med vatn. Skåla må sjølvsagt tole å vere i mikroomn.
  2. Set omnen på 5 minutt. Ja det høyres mykje ut, men går heilt fint. Er du usikker så kan du dele det i to og først ta tre minutt, og så to minutt etterpå.
  3. Løft ut skåla forsiktig så du ikkje brenn deg.
  4. Tørk over alle flatene i mikromnen med ein fuktig klut. Ta ut fatet og vask dette for seg.
  5. Vips! Mikroomnen er som ny.
sitron mikrobølgeomn

Då veit du! Då er du klar for ei ny veke med god mat på kjøkkenet. Her får du vekas tips, følg gjerne på Instagram og Facebook for fleire tips og meir matglede i løpet av veka:)

 

Mandag

blomkål ostesaus

Gratinert blomkål

Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »

Tysdag

Fiskegrateng med potetmos

Fiskegrateng med potetmos

Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »

Onsdag

tomatsuppe

Tomatsuppe med ekstra vitamin

Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »

Torsdag

jordskokksuppe

Jordskokksuppe med søtpotetchips

Ei spanande suppe med rik smak og trendy ingrediensar. Enkel å lage, og du kan variere den med å lage med berre mjølk i staden for vatn eller med ei… Fortsett å les »

Fredag

taco med torsk

Fisketaco med kvit fisk

Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »

Laurdag

Marokkansk kyllinggryte

Marokkansk kyllinggryte

Marokkansk kyllinggryte med er klar på under 30 minutt og har ingrediensar som du finn på daglegvarebutikken. Ingen grunn til at du ikkje skal kunne lage denne altså, her er… Fortsett å les »

Søndag

gryte med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser er haustmat for mørke kveldar. Oppskrifta blei til ved at vi laga gryte eine dagen, og så pimpa vi opp restane med å legge butterdeig… Fortsett å les »

Noko godt

Cottage Cheese lapper

Cottage Cheese lappar

Cottage Cheese lappar er populært som kveldsmat og frukost her i heimen. Aller helst med nyrørt blåbærsyltetøy eller friske bær. Eller med lønnesirup eller honning for kidsa. Servert lune er… Fortsett å les »

Brødmat

rugbrød

Brød med rugflak

Brød med rugflak har deilig sprø skorpe og nydeleg smak av rug. Sidan brødet skal langtidsheve på benken treng det ikkje elting, berre tid. Rør saman deiga om kvelden og… Fortsett å les »

Vekas kake

Kokoskake med pistasjenøtter

Kokoskake med pistasjenøtter er både nydeleg på smak og enkel å lage. Kaka inneheld både kokosblomstsukker som er mykje meir næringsrikt enn vanleg sukker, og kokosolje som er noko av… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.