Blåbærsmoothie

Blåbærsmoothie laga med bæra frå i haust og spinat frå butikken. Drikken blir knall-blå og det er stor fare for at du blir blå på tenna. Heldigvis går det kjapt vekk, for denne vitaminbomba er perfekt å få i seg på ein kald vinterdag. Både blåbær og spinat er i toppsjiktet som næringsrike matvarer, og saman med ei eggeplomme og litt sunt feitt blir dette godt for kroppen din.

blåbærsmoothie

Blåbærsmoothie

Har du ikkje blåbær i frysaren kan du sjølvsagt bruke blåbær frå butikken, eller ei skogsbærblanding om du har det i staden. Synest du det blir for lite søtt med ein daddel kan du ha i ein ekstra, eller litt honning. Om daddelen du skal bruke er inntørka og hard er det eit triks å legge den i lunka vatn i 15 minutt først. Då blir den lettare å blande inn i dei andre ingrediensane.

Smoothien er rikeleg til to, men kan og oppbevarast i kjøleskap til dagen etter om du får til overs. Då har du perfekt frukost på farten, eller eit godt mellommåltid når svolten melder seg. Fekk du lyst på ein smoothie med jordbær og blåbær i seg finn du ein frisk versjon her.

Då er det berre å seie snurr blender! It´s smoothie time!

blåbærsmoothie

Oppskrift på Blåbærsmoothie

2 porsjonar / Tid: 5 min

  • 2 dl blåbær
  • 1 dl spinat
  • 1 eggeplomme
  • 1 ss kokosolje
  • 1 daddel
  • 5-6 dl mandelmjølk (el vatn)
  1. Del daddelen i to og fjern steinen.

  2. Ha alt i ein blender og kjør til alt er jamt.

  3. Hell over på fine glas og servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.