Vekemeny 4

Vekemeny 4 er klar, og vips var vi i slutten av januar. Det er ikkje meir enn nokre få veker sidan det var full jul her på bloggen, og på 1-2-3 er alt gløymt. Det er deilig å ha kome i gong igjen med alle rutiner, og godt å ikkje vere så himla trøytt som første dagane etter juleferien. Det gjekk nokre ekstra koppar med kaffi då, foråseidetslik.

Det gler meg at det blir lysare for kvar dag, denne mørketida synest eg er trasig. Den tingen eg saknar mest frå året vi hadde Asia er at det var lyst frå 7 til 7 kvar dag, heile året. Fantastisk å stå opp til soloppgong kvar dag, i staden for å vente på at det skal bli lyst. Men no er vi på rette sida av solsnu og årsskiftet, så no blir det berre betre for kvar dag!

Håper du får ei fin januarveke, og at du finn noko som fristat i vekemenyen eg har sett saman!

Vekemeny 4

Mandag

Tomat- og mozzarellasalat

Tomat- og mozzarellasalat

Tomat- og mozzarellasalat er på sitt beste når tomatane er i sesong. Finn du ulike typar tomatar så er det perfekt å blande dei i denne enkle salaten, det både… Fortsett å les »

Tysdag

singapore pepper crab

Pepperkrabbe

Pepperkrabbe er asiatiske smakar på nydeleg norsk råvare. Vi har investert i krabbeteiner i år, og har ete meir krabber dette året enn samanlagt heile livet. Min favoritt er og… Fortsett å les »

Onsdag

suppe med linser

Linsesuppe med lam

Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande… Fortsett å les »

Torsdag

Tom Kha Gai

Tom Kha Gai

Ei av dei mest kjende suppene frå Thailand, og det med rette. Denne suppa er enkel å lage, så fremt du finn ingrediensane. Første dagen vår i Kuala Lumpur måtte… Fortsett å les »

Fredag

tacograteng

Tacograteng

Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos… Fortsett å les »

Laurdag

risgrøt

Risgraut

Risgraut høyrer ofte til laurdagslunsjen til her i heimen. Resultatet er glade born og dermed glade foreldre. Dei vil helst ha sukker, kanel og eit smørauge på. Vi vaksne vil… Fortsett å les »

Søndag

verdens beste nøttestek

Nøttesteik med quinoa

Nøttesteik med quinoa er nydeleg servert saman med brun saus og tradisjonelt steik-tilhøyr. Her får du eit vegetarisk alternativ som har blitt meir og meir populært siste åra. Denne nøttesteika… Fortsett å les »

Noko godt

golden milk

Golden milk

Golden milk er nydeleg betennelsedempande helsedrikk. Drikken går også under namna gurkemeiemjølk og gurkemeie-te, eller turmeric tea/latte som det heiter på engelsk. Du kjenner kanskje til at gurkemeie har betennelsedempande… Fortsett å les »

Brødmat

hjemmebakt kvardagsbrød

Eltefritt kvardagsbrød

Eltefritt kvardagsbrød blei kåra til verdas beste brød då det kom på bordet tidlegare i år. Sprø skorpe og ingen frø eller kjerner er suksessoppskrifta for å gjere skuleguten fornøgd…. Fortsett å les »

Vekas kake

oreokake

Oreokake

Oreokake hadde si storheitstid for nokre år sidan. Då sto den på kvart eit kakebord vi kom til, og alle ville smake denne søte og mektige kaka. Så roa det… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.