Reklame

Sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon

Sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon er suppe med mykje smak som mettar godt. Smakfull suppe med sprø og god topping er perfekt middag. Har du godt brød liggande serverer du dette til, og har du berre gammalt brød let du det få ein tur i brødristaden først. Knasande brød til suppe er nydeleg!

sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon

Sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon

sellerirotsuppe med sjampinjong og baconSellerirot er nydeleg i brennsnut og perfekt i potetmos. Men ei eiga suppe med det som hovudingrediens? Ja det er må du prøve! Kjøp med deg denne rotgrønsaka neste gong du er på butikken og disk opp men suppe til familien!

Har du kokt kraft som du har i frysaren hentar du fram den og brukar i staden for grønsaksbuljong. Har du ikkje det akkurat no brukar du oppskrifta akkurat som den står.

suppe sellerirot

Oppskrift på Sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon

3-4 porsjonar / Tid: 30 min

  • ca 600 g sellerirot
  • 2 ss smør/olje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss Helios grønsaksbuljong
  • 1 liter vatn
  • 1 dl matfløte
  • 1 ss Helios eplecidereddik
  • 200 g sjampinjong
  • 100 g bacon
  • 3 ss pinjekjerner
  • Salt og pepar
  1. Skrell og del selleritor, løk og kvitløk i terningar.

  2. Fres løken til den blir blank i 1 ss smør/olje.

  3. Ha i sellerirot og kvitløk, dekk med kraft og kok opp. La småkoke til sellerirota er mør, ca 15 minutt.

  4. Rist pinjekjernene i ei tørr steikepanne til dei blir gyldne. Legg så til side.

  5. Del bacon i terningar. Steik bacon i panna til det blir sprøtt og legg det så til side.

  6. Del sjampinjong i skiver og steik dei i panna med 1 ss smør. Krydre med salt og pepar.

  7. Kjør suppa glatt med ein stavmiksar og rør inn matfløte, eplecidereddik og litt salt og pepar.

  8. Aus opp suppa og servér med sopp, bacon og pinjekjerner på toppen.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.