MRF-svele

GÅ RETT TIL OPPSKRIFTA

MRF-svele er eit eige begrep når det gjeld sveler, og stammar frå ferjene her i Møre og Romsdal. Dei blei tidlegare drifta av MRF – Møre og Romsdal Fylkesbåtar og serverte sveler i kafeteriaen. MRF har forsvunne, men svelen er framleis på plass. På mest kvar ei einaste ferjestrekning kan du få kjøpe tjukke sveler med smør og sukker på, og nåde den som fjernar dette frå menyen!

MRF-svele Svele er noko av det sunnmøringar legg si stoltheit i, og skal det vere svele så skal det vere MRF-svele! Kanskje kan du driste deg til å tilsetje ei teskei vaniljesukker i røra, men noko meir kluss enn det går ikkje. Her skal alt vere som det har vore! Men det er ikkje noko gale i det, dette er knakande gode sveler. Det er berre å røre saman, leite fram takka eller steikepanna og byde inn på sveler til små og store.

MRF-svele

mrf svele

Tips:

  • Sveler kan gjerne frysast, men då utan smør og sukker. Tin dei og varm dei litt før du smører og serverar.
  • For å vite når du skal snu svelene og steike på andre sida kan du sjå etter bobler som dannar seg på overflata av røra og sprekk opp. Då er det som regel på tide å snu og steike på andre sida.

Oppskrift på MRF-svele

ca 20 porsjonar / Tid: 30-40 min

  • 5 egg
  • 2 dl sukker
  • 1 liter surmjølk
  • ca 1 liter kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts hjortesalt
  • 75 g smør + ekstra til steiking
  1. Smelt smøret.

  2. Visp egg, sukker, natron og hjortesalt godt saman.

  3. Bland inn surmjølka.

  4. Bland inn mjølet.

  5. Bland inn det smelta smøret.

  6. La røra svelle i 20 min under eit kjøkkenhåndkle.

  7. Røra skal vere tjukkare enn ei vaffelrøre, men framleis så rennande at den flyt uttover når du har den på steiketakka. Kanskje må du justere med litt meir mjøl for å få den akkurat passse.

  8. Varm steiketakka og smør godt med smør. Steik på middels høg varme, til svelene blir gylne på begge sider. Kanskje må du justere temperaturen på takka undervegs, dette varierer frå takke til takke.

  9. Avkjøl svelene på rist og server lunkne med smør og sukker, eller smør og brunost.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.