Brødvaffel

Brødvaffel har blitt ein populær vaffel å servere i staden for brødskive. Denne versjonen er laga etter prinsippet i Proteinrundstykker med base av cottage cheese, havregryn og egg. Med ei teskei kardemomme i røra lukta og smakar vaflene nydeleg, og det trengst ikkje sukker. Vaflene går ned på høgkant hjå borna, og dei let seg ikkje merke med at det er sunnare vaflar dei får servert. Perfekt nistemat i matboksa og populær kveldsmat! Denne oppskrifta gir 4-6 vafler.

brødvaffel

Brødvaffel

Lagar du for mykje røre kan du ha den i kjøleskapet i nokre dagar, og steike vafler etter kvart. Sidan det ikkje er noko smør eller olje i røra må du passe på å smøre jarnet godt mellom kvar steiking. Eg bruker gjerne Bremykt til dette, sidan det er ei blanding av smør og olje.

Sjekk ut videoen her og abonner gjerne på YouTube kanalen min. Her kjem det godsaker i 2018.
Og om du lurer på om du må røre inn bakepulveret til slutt? Nei, eg berre gløymde det i film-farta;)

Oppskrift på Brødvaffel

2 porsjonar / Tid: 20 min

  • 3 egg
  • 4 ss cottage cheese
  • 1 dl havregryn
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts kardemomme
  • Smør/olje til steiking
  1. Kjør alt glatt med ein stavmiksar og la svelle i 10 minutt.

  2. Varm opp vaffeljarnet og smør det godt.

  3. Legg 1-2 ss røre i forma og steik vaffelen til den er sprø.

  4. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.