12 på topp 2017

Året 2017 er straks eit tilbakelagt kapittel, og det er tid for å sjå tilbake på året som har sust forbi. Under får du dei mest besøkte oppskriftene på bloggen, ei god blanding av gamle og nye. Stas å sjå at de brukar dei gamle oppskriftene, og stas å sjå tilbake på kva som blei publisert for 4 år sidan samanlikna med no. Heilt subjektivt så synest eg bileta har blitt ein smule betre;)

Som ein bonus legg eg ved brokkolisalat enkel forklart her. Abonner gjerne på Youtube-kanalen for å følgje med det som kjem i 2018:)

Tusen hjartleg takk for besøk på bloggen, fine snaps og meldingar -de gjer matblogging skikkeleg gøy!

Her får du dei mest besøkte oppskriftene i året som har gått: 12 på topp 2017!

 

Nummer 1

pølse og makaronigrateng

Pølse- og makaronigrateng

Pølsegrateng er ein vinnar på middagsbordet både for små og store. Gratengen kan lagast heilt enkel, eller du kan jazze den opp med spicy pølser, smakfull ost og krydder. Her… Fortsett å les »

Nummer 2

hjortegryte

Hjortegryte

Hjortegryte er klassisk haustmat, i allefall her på desse trakter. Hjortejakta er i gong for lengst, og årets første kjøt har hamna i grytene her. Med nydeleg kryddersmak av kantarellen… Fortsett å les »

Nummer 3

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

Nummer 4

alternativ til potetsalat

Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »

Nummer 5

fiskekraft

Kraft av rekeskall

Neste gong du et reker må du for all del ikkje kaste skalet! Lag nydeleg kraft av rekeskall i staden, så har du alltid moglegheit til å lage verdas beste… Fortsett å les »

Nummer 6

tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho… Fortsett å les »

Nummer 7

biff bearnaise hasselbackpoteter

Bearnaise saus

Å lage bearnaise saus er slett ikkje vanskelg. Lag den over vassbad -då har du betre kontroll med varmen og unngår at sausen skil seg. Her gir eg deg steg… Fortsett å les »

Nummer 8

suksessterte i langpanne

Suksessterte i langpanne

Suksessterte i langpanne er ein fin måte å få laga ekstra mykje av denne gode kaka. Som namnet tilseier er denne kaka ein suksess å servere, og ofte den som… Fortsett å les »

Nummer 9

Eltefritt grovbrød i gryte

Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne… Fortsett å les »

Nummer 10

falafel pita oppskrift

Falafel i pitabrød

Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit… Fortsett å les »

Nummer 11

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg… Fortsett å les »

Nummer 12

brokkolisalat med druer

Brokkolisalat med druer

Brokkolisalat med druer er knasande sprø og digg å setje på bordet på ein sommarfest. Med friske og søte druer blir dette ein versjon som har det beste frå brokkolisalat… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.