Vekemeny 52

Så var den her: Vekemeny 52. Siste vekemenyen i 2017, og jula er her. Eit år som har gått som ein virvelvind. Det har vore kjekt og hektisk og spanande at eit oppsummeringsinnlegg må på plass i løpet av romjula. Klikk innom så får du sjå. I mellomtida gjennstår det berre ein ting for meg. Å ønskje deg ei fredeleg jul!

GOD JUL kjære Kvardagsmat-lesar!
Eg håper du får ei fin høgtid.
Klem frå Anita

Vekemeny 52

 

Mandag

halloumi i pitabrød

Halloumipita

Halloumipita er ein fin vegetarrett som er rask å snekre saman og smakar godt. Halloumi har ikkje vore så lett å få tak i her i distriktet, men no finn… Fortsett å les »

Tysdag

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré er kvardagsmiddag med stor K. Fisk og grønsaker med digg topping av bacon og egg i smelta smør. Her er det næringsrik mat… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »

Fredag

Nachos

So enkelt og so godt! Krydra kjøttdeig med litt futt i og tortillachips rundt kanten. Ein liten svipptur inn i steikeomnen for å smelte osten og vips er det klart… Fortsett å les »

Laurdag

kyllingform med cashewnøtter

Kyllingform med cashewnøtter

Ovnsbakt kyllingform med cashewnøtter kan like gjerne serverast til fest som på ein kvardag. Deilige krydder blanda med grønsaker, kylling og bacon er lett å like og smakar som ein… Fortsett å les »

Søndag

brennsnut av fenalår

Brennsnut med fenalår

Brennsnut er ein av mine absolutte middagsfavorittar, og det eg tyr til oftast når det skal serverast mat til mange. Då vi inviterte familien til 7-års bursdag rett over nyttår… Fortsett å les »

Noko godt

hjemmelaget enkel sjokolademousse

Enkel sjokolademousse

Enkel sjokolademousse er desserten du kan lage når du har lyst på noko godt, men ikkje har allverda med tid. Eller når du skal invitere gjestar til middag og gjerne… Fortsett å les »

Brødmat

Eltefritt rugbrød

Eltefritt rugbrød

Eltefritt rugbrød er ein grovare versjon av det nydelege eltefrie brødet. Med quinoaflak får du med alle dei gode næringsstoffa frå dette ”superfrøet”, men har du ikkje det i hus… Fortsett å les »

Vekas kake

Pavlova

Pavlova med friske bær

Sidan det er mogleg å delta med to kaker på Matbloggsentralen si OL-utfordring passa det bra å publisere kaka som er eit av hovudbileta på facebooksida og instagram til Heimelaga -men enkelt…. Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.