Peanøttsjokolade

Peanøttsjokolade er kanskje ein av dei enklaste godsakene du kan lage? Salt og søtt er alltid perfekt kombo, og her skal du berre smelte sjokoladen og så røre inn peanøttene. Er du allergisk mot peanøtter kan du sjølvsagt bruke ein annan type nøtter. Mandelflak er nydeleg, gjerne med ein lita klype salt blanda i.

peanøttsjokolade

Peanøttsjokolade

Eg har brukt ei konfektform kjøpt på ein kjøkkenbutikk, men har du ikkje det kan du kjøpe små muffinsformer/konfektformer på butikken og fordele dei i. Oppbevar konfekten i kjøleskap og, den held seg lenge.

sjokolade peanøtter

Det går også fint å lage dette på eit fat med bakepapir. Då lagar du i staden ei sjokoladeplate som du kan knekke opp i bitar. Har du andre favorittnøtter eller tørka frukt er det nydeleg å blande i. Her finn du Sjokolade med pistasjenøtter laga på den måten.

Oppskrift på Peanøttsjokolade

6-8 porsjonar / Tid: 15 min

  • 100 g mørk sjokolade
  • 1-2 dl salte peanøtter
  1. Grovhakk sjokoladen.

  2. Kok opp ei lita kasserolle med vatn, sett ein bolle som tåler varme over og smelt sjokoladen over dette vassbadet.

  3. Vend inn ønska mengde salte peanøtter.

  4. Fordel i små muffins/konfektfomer eller i ei konfektform. La stivne i kjøleskap.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.