Kvit bacalao med chorizo og bacon

Kvit bacalao med chorizo og bacon kan vere både kvardagsmat og festmat. Hugsar du å legge klippfisken i bløyt passe lenge nok før du skal lage middagen er det meste gjort. Klippfisk, bacon og chorizo passar godt i lag, og med kvit saus på toppen blir det ein nydeleg gratinert rett.

kvit bacalao med chorizo og bacon

Kvit bacalao med chorizo og bacon

kvit bacalao med chorizo og baconKlippfisk har heldigvis blitt lettare og lettare å finne i butikken. Har du gløymt å vatne ut fisken finnast det ferdig utvatna variant også. Sidan saltsmaken varierar er det ikkje brukt salt i denne retten, set heller saltet på bordet så kan kvar og ein justere. Dersom det blir for mykje salt er det vanskeleg å få gjort noko med det når middagen allereie står på bordet.

kvit bacalao med chorizo og bacon

 

 

Oppskrift på Kvit bacalao med chorizo og bacon

4 porsjonar / Tid: 1 t

  • 400 g klippfisk
  • 1 løk
  • ca 10 poteter
  • 1 løk
  • 1/2 raud chili
  • 75 g bacon
  • 75 g chorizo
  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl (el. glutenfritt)
  • 5 dl mjølk
  1. Legg klippfisken til utvatning etter instruksjon på pakken. Alt frå 8-24 t er vanleg.

  2. Skrell og del poteter i terningar. Kok desse i ti minutt. Hell av kokevatnet og legg dei i botnen av ei eldfast form.

  3. Lag kvit saus ved å smelte smøret, røre inn mjølet og spe med mjølka litt etter litt. Rør kraftig mellom kvar gong du sper, slik at du får ein saus utan klumpar. La småkoke medan du gjer klar resten.

  4. Del bacon og chorizo i terningar. Steik baconet til det byrjar å bli sprøtt og ha så i chorizobitane og la dei frese med.

  5. Skrell og del løken i terningar. Ha denne i panna saman med baconet og chorizoen og la steike til løken er blank.

  6. Finhakk chili og bland inn i løkeblandinga.

  7. Hell av vatnet på klippfisken og tørk den lett med tørkepapir. Del opp i terningar på 1-2 cm. Fordel fisken over potetene.

  8. Fordel løkblandinga over fisken og avslutt med kvit saus.

  9. Steik midt i omnen på 200 grader i ca 30 minutt, til gratengen er gyllen. La forma kvile 10-15 minutt før servering. Servér med godt brød til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.