Reklame

«Delfiakake» med kokosolje

«Delfiakake» med kokosolje er laga heilt utan Delfia-feitt, men med sunn og god kokosolje. Upåklageleg smak, deilig sjokolade og knasande kjeks. Perfekt mektig julekake til kaffien!

«Delfiakake» med kokosolje

sjokoladekjeks-kake
I kaka kan du også legge små bitar av marsipan, nøtter eller geletoppar. Men det er mektige saker frå før dette, så ver obs. På bileta ser du at eg har brukt glutenfrie mariekjeks, men her kan du bruke Per-kjeks i staden altså. Eller andre kjeks!

Ein klassikar som no kan få eit betre rykte når det blir brukt sunn kokosolje i staden for det herda feittet som originalen har. Håper kaka fell i smak!

sunn delfiakake

Oppskrift på «Delfiakake» med kokosolje

1 brødform porsjon / Tid: 20 min + avkjøling

  • 250 g mørk sjokolade
  • 250 g Helios kokosolje
  • 4 ss sterk kaffi
  • 2 egg
  • 3 ss sukker
  • 1/2 pk glutenfri mariekjeks (eller Per-kjeks)
  • 1 pk geletoppar
  1. Smelt kokosoljen i ei lita kasserolle på svak varme.

  2. Ha i hakka sjokolade og la den smelte med.

  3. Rør inn god kaffi og trekk kasserolla til side for avkjøling.

  4. Visp luftig eggedosis av egg og sukker.

  5. Bland eggedosisen med den smelta sjokoladeblandinga som har fått avkjøle litt.

  6. Dekk ei brødform på ca 1,5 liter med bakepapir (eller plastfolie) og hell 1 cm av blandinga i.

  7. Fordel kjeks jamt i forma og gjenta slik at du får 3 lag med kjeks. Avslutt med sjokoladeblanding.

  8. Set brødforma i kjøleskap i 2 timar, eller over natta.

  9. Pynt med geletoppar før servering.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.