Vekemeny 50

Har julestresset teke deg? Pust inn. Pust ut. Senk skuldrane og stryk kjapt vekk alt du faktisk ikkje treng gjere. Du treng ikkje vaske vindauga før jul, det er det jo mykje meir logisk å gjere til våren. Det er vel strengt tatt ganskje mykje ein ikkje treng gjere? Lista er i allefall ganske kort her i heimen. Vanleg helgevask og litt julepynt. Kjøpekalender og heller ein tur på ski enn å vaske kjøkkenskap. Ikkje sju slag, men heller nokre få favorittar.

Vekemeny 50

Har du ei lang liste som du skal gjennom? Eller er du som meg og tenkjer at «det er ikkje så nøye»? Høyrer gjerne ditt tips på Facebook eller Instagram.

Ha ei fin førjulsveke -heilt utan julestress, men med god kvardagsmat!

Mandag

stekt ris

Kinesisk stekt ris

Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »

Tysdag

torsk pizzasaus

Torsk i tomatsaus

Torsk i tomatsaus har smakar som minner om Bacalao, men har fersk torsk i staden for klippfisk. Skilnadane er fleire, men likheita i smak gjer at denne er populær å… Fortsett å les »

Onsdag

krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »

Torsdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Fredag

vekemeny 2016 / 6

TACO-pizza

Botn: 2,5dl vatn 300g kveitemjøl (ca 5-6 dl) ½ pk tørrgjær 1ts salt 2ss olivenolje Topping: 1 boks pizzasaus 200g karbonadedeig med tacokrydder ½ rødløk 8-10 cherrytomatar 12-15 nachochips riven… Fortsett å les »

Laurdag

heilsteikt kylling

Helstekt kylling

Helstekt kylling er perfekt søndagsmiddag. Den krev nesten ingen førebuing, og treng berre god tid i omnen for å bli perfekt. Etter å ha lese fleire plassar at det er… Fortsett å les »

Søndag

lapskaus

Lapskaus

Lapskaus er ein av dei tradisjonsrettane som vi verkeleg bør halde fast ved! Rimeleg mat som gir rom for å bruke opp restane du har i kjøleskapet og perfekt å… Fortsett å les »

Noko godt

sunnmørsgodt

Sunnmørsgodt

Kan det vere slik at resten av Noreg kallar denne desserten for Sunnmørsgodt óg? Det høyrdes litt for godt ut til å vere sant. Men etter ein kjapp sjekk på… Fortsett å les »

Brødmat

glutenfritt bokhvetebrød

Bokhvetebrød med solsikkekjerner

Bokhvetebrød med solsikkekjerner er laga med bokhvete som hovudingrediens. Bokhvete er ikkje i slekt med kveitemjøl (hvetemel), sjølv om det kan høyrast slik ut på namnet, men er faktisk ei… Fortsett å les »

Vekas kake

Prinsessekake

Prinsessekake

Trudde du at Prinsessekake var ei kake med ei prinsesse/barbie i midten og marsipankaka som skjørt rundt? Her får du den andre Prinsessekaka; kanelsnurrar med vaniljekrem i ei kakeform. Nydeleg!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.