Glutenfri foccacia

Glutenfri foccacia som både blir luftig og smakar godt? Leit ikkje meir, her er oppskrifta du treng! Dersom du skal ta med foccacia til tapasbordet og det er allergiar å ta omsyn til er det denne du skal lage. Enkel, luftig og god.

glutenfri foccacia glutenfri focaccia

Glutenfri foccacia

Du må ha loppefrøskall/fiberhusk for å få til denne, det er dette som bind saman deiga når det ikkje er gluten til stades. Har du ikkje det får du heilt sikkert ei skei med ein av dine venar som bakar glutenfritt. Eller du kan handle på helsekost eller daglegvare neste gong.

glutenfri foccacia

I foccaciaen kan du sjølvsagt tilsetje oliven om du ønskjer. Eller andre krydder å toppen. Har du ikkje frisk rosmarin så går tørka versjon like bra. Får du for mykje foccacia så kan denne frysast i skiver og varmast lett i omnen før servering. Då har ein enkelt godt brød til suppe ein heilt vanleg kvardag.

glutenfri foccacia

 

Oppskrift på Glutenfri foccacia

1 lita langpanne / 6-8 porsjon / Tid: 3 t

  • 5 dl lunka vatn
  • 1 ss loppefrøskall/fiberhusk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 1/2 ts salt
  • 500 g semper lys mix/anna glutenfritt mjøl
  • 3-4 ss soltørka tomat i bitar
  • 3-4 ss god olivenolje
  • 2 stilkar frisk rosmarin
  • 2-3 klyper maldonsalt på toppen
  1. Rør ut loppefrøskall/fiberhusk i lunka vatn.

  2. Tilset sukker, salt, glutenfritt mjøl og tørrgjær. Rør saman med ein slikkepott til alt er blanda.

  3. Vend inn soltørka tomat.

  4. Dekk bakebollen med eit lokk/ein tallerken og la heve i 1-2 timar.

  5. Skrap deiga ut av bakebollen og over i ei bakepapirkledd lita langpanne. Trykk deiga ut over med fingrane dine, gjerne med litt olivenolje på deiga.

  6. Ringle resten av olivenoljen over deiga og strø rosmarin og maldonsalt på toppen.

  7. Legg eit klede over og la foccaciaen etterheve i 20-30 minutt, meda du varmar opp omnen til 225 grader over- og undervarme.

  8. Steik foccaciaen midt i omnen i 20-30 minutt, til den er gyllen på toppen.

  9. Løft brødet ut av forma og la det avkjøle på rist, vent 10-15 minutt før du deler det.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.