Tunfisksalat

For nokre veker sidan var eg i Oslo, og sidan eg først var i storbyen besøkte eg Ina frå Mat på bordet i same slengen. Ho har innreidd ny matverkstad tidlegare i år og inviterte til å stikke innom ein gong det passa. Som sagt så gjort! Det endte opp i ein veldig kjekk føremiddag i matstudioet hennar.

tunfisksalat

Tunfisksalat

Då eg var der diska Ina opp med tunfisksalat til lunsj som vi åt på godt brød. Der og då gjennoppdaga eg tunfisk som eg ikkje har brukt i det heile sidan studietida. Det var på høg tid å leite fram tunfisk på butikken og bruke den meir. Det første som måtte lagast var ein tunfisksalat av typen ho serverte. Her finn du hennar versjon, og under her finn du den som har blitt til på kjøkkenet her på Sunnmøre. Vil du ha ein vegetarisk versjon? Sjekk ut denne «tunfisksalaten» med kikerter.

Enjoy!

tunfisk salat

Oppskrift på Tunfisksalat

2-3 porsjonar / Tid: 10 min

  • 150-200 g tunfisk
  • 2 sjalottløk
  • 4-5 skiver sylteagurk
  • 2 stilkar stangselleri
  • 3-4 ss majones
  • 1 skvis sitron
  • salt og pepar
  1. La tunfisken renne av seg oljen/vatnet i eit dørslag.

  2. Finhakk løk og sylteagurk. Del stangselleri i skiver.

  3. Bland saman tunfisk, sjalottløk, sylteagurk, stangselleri, majones, sitronsaft, salt og pepar.

  4. Tunfisksalaten kan gjerne stå i kjøleskap nokre timar før servering, eller du kan nyte den med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.