Reklame

Snickerskuler

Snickerskuler er ei konfektbombe av ei anna verd. Nydelege altså, men det er nok med ein per person. Eller det var i allefall min konklusjon før eg tok med restane på jobb. Eg trur rekorden blei fire stykker. Det er imponerande! For dette er mektige saker. Men du så gode då! Nydelege seige kuler med krønsj som er lette å lage.

snickers

Snickerskuler

peanøttkuler
Alle oppskrifter som kan rørast saman i ein bolle eller i ei kasserolle er kjærkomne her i heimen. Jo mindre oppvask jo bedre. I tillegg må du ha ein bolle for å smelte sjokoladen i, men ellers klarer du deg utan noko anna. Kjapt, enkelt og lite oppvask altså. Denne blir ein favoritt til jul kjenner eg!

snickers kuler

Oppskrift på Snickerskuler

40 kuler / 30 porsjonar / Tid: 30 min

  • 250 g Helios peanøttsmør
  • 3-4 ss lys sirup
  • 0,5 dl (rårør)sukker
  • 1/4 ts vaniljepulver
  • 1 dl hakka peanøtter
  • 4 dl cornflakes
  • 200 g mørk kokesjokolade
  • 1 ss kokosolje
  • 2 ss hakka peanøtter til pynt
  1. Rør saman peanøttsmør, sirup, sukker og vaniljepulver til ei jamn blanding i ei lita kasserolle på middels varme.

  2. Tilset grovhakka peanøtter og grovknust cornflakes. Rør godt saman.

  3. Form runde kuler og set på eit bakepapirkledd brett. Set kulene i frysaren medan du gjer klar sjokoladen.

  4. Knekk sjokoladen i små bitar og ha den i ei skål som toler varme.

  5. Kok opp ei lita kasserolle med vatn, set skåla med sjokolade over og la sjokoladen smelte. Skåla må ikkje vere i kontakt med vatnet under. Rør inn kokosoljen i sjokoladen.

  6. Bruk ein gaffel og vend ei og ei snickerskule i sjokoladen. Set tilbake på bakepapiret og strø hakka peanøtter på toppen.

  7. Oppbevar snickerskulene i tett boks i kjøleskapet, dei held seg lenge.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.