Pepperkrabbe

Pepperkrabbe er asiatiske smakar på nydeleg norsk råvare. Vi har investert i krabbeteiner i år, og har ete meir krabber dette året enn samanlagt heile livet. Min favoritt er og blir pepperkrabber, men spicy smak og tid for å drøyme seg vekk til Singapore.

pepperkrabbe

Pepperkrabbe

Oppskrifta er opprinneleg henta frå ingen ringare enn Ørjan Johannessen, og då må det jo bli bra. I den originale oppskrifta skal det vere 2 ss pepar, men det fann vi fort ut blei for sterkt her i heimen. Etter å ha prøva og feila litt har vi kome fram til dei perfekte måla som du finn under. Men om du er tøffare enn oss kan du altså doble mengda pepar!

pepperkrabbe
Finn fram krabbeklør frå teina di eller frå butikken og lag denne digge retten du og!

pepper krabbe

Oppskrift på Pepperkrabbe

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 4-6 kokte krabbeklør per person
  • 100 g sukker
  • 1 dl riseddik
  • 50 g ingefærrot
  • 1/2 raud chili
  • 3-4 fedd kvitløk
  • 0,5 dl ketjap manis
  • 1 neve frisk koriander
  • 1 ss heil svart pepar
  • 1/2 sitron
  • 2-3 vårløk
  • 1 ss smør
  • 1 ss solsikkeolje
  1. Kok opp eddik, sukker, ingefær og chili. La småkoke 4-5 minutt, til alt sukkeret er løyst opp.

  2. Ha peparkorna i ei tørr steikepanne og rist dei på medium-høg varme til dei «poppar» og luktar godt, 2-3 minutt.

  3. Ha ketjap manis, koriander, peparkorna og eddikblandinga i ein behaldar og kjør glatt med stavmiksar. Du kan og bruke ein blender eller ei kjøkkenmaskin om du vil.

  4. Bank hol i krabbekløra. Det blir minst søl om du legg eit kjøkkenhandkle over kloa og så bankar hardt med ein hammar eller eit kjevle. Du skal ikkje knuse heile, men berre gjere slik at sausen får trekke godt inn og det blir mogleg å ete dei ved bordet.

  5. Varm opp olje og smør i ei vid gryte og ha i krabbeklør. La dei frese litt rundt på høg varme i 1-2 minutt.

  6. Hell over peparsausen og fres vidare i 3-5 minutt, aus gjerne sausen over krabbeklør. Topp med vårløk og koriander og ein skvis sitron.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.