Enkle bountykuler

Enkle bountykuler er raskt å lage, krev få ingrediensar og smakar nydeleg. Søtt og godt med deilig konsistens og smak av kokos og sjokolade. Kulene held seg lenge i kjøleskap, men du kan òg oppbevare dei i fryseboksen om du vil ha dei tilgjengeleg endå lenger. Det er nemleg stor sjangse for at dei forsvinn ein etter ein om dei står i kjøleskapet.

søt kondensert mjølk
No er det lett å finne søt kondensert mjølk på matbutikkane samanlikna med nokre år tilbake. Det gjer at denne oppskrifta er tilgjengeleg for deg som ikkje har ein asiabutikk i nærleiken òg. Har du ein asiabutikk i nærleiken anbefalar eg likevel at du stikk innom og handlar der, prisen er ofte berre halvparten per boks. Ein ting å passe på er å ikkje forveksle søt kondensert mjølk med vikingmjølk. Vikingmjølk er usøta kondensert mjølk og dette er altså to ulike produkt.

enkle bountykuler

Enkle bountykuler

enkle bounty

Oppskrift på Enkle bountykuler

ca 20 kuler / porsjonar / Tid: 15 min + avkjøling

  • 200 ml søt kondensert mjølk
  • 200 g riven kokos
  • 1 ts vaniljesukker
  • 300 g mørk sjokolade
  1. Bland saman søt kondernsert mjølk, riven kokos og vaniljesukker.

  2. Form små ballar/kuler og set på eit bakepapirkledd brett. Set brettet i frysaren i 15 minutt.

  3. Hakk sjokolade og ha i ein bolle, set bollen over vassbad og smelt sjokoladen.

  4. Dypp kokoskulene i den smelta sjokoladen og set tilbake på bakepapiret.

  5. Oppbevar kulene i kjøleskapet eller i fryseboksen, dei held seg lenge.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.