Arme riddarar

Arme riddarar er nydeleg kveldsmat eller ekstra god frukost. Og det beste av alt? Du lagar det av brød som eigentleg er tørt og ikkje så godt å ete. Med ei lita eggeblanding på utsida blir dette nydelege sprø og gode skiver som barn likar ekstra godt.

arme riddarar

Har du gammalt brød liggande? Leit fram skivene og visp saman egg, mjølk, sukker og kanel. Etter eit lite eggebad for brødskivene skal dei rett i steikepanna og bli gylne. Kjekk oppgåve for kidsa å vere med på, og så luktar det nydeleg godt når dette blir steikt. Om borna er store nok til å prøve seg åleine på kjøkkenet er dette ein perfekt rett å lage!

Arme riddarar

arme riddere

Oppskrift på Arme riddarar

2 porsjonar / Tid: 10 min

  • 4 brødskiver
  • 2 egg
  • 1-1,5 dl mjølk
  • 1 ts sukker
  • 1/2 ts kanel
  • 1 ts smør
  1. Visp saman egg, mjølk, sukker og kanel i ei flat lita skål.

  2. Smelt smøret i ei panne.

  3. Dypp skivene i eggeblandinga slik at dei er godt fukta på begge sider.

  4. Steik skivene gylne på begge sider.

  5. Servèr arme riddarar som dei er, eller meg gode syltetøy på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.