Reklame

Heliosfavoritt: nøtter

Når det skal gjerast lekser her i heimen trengst det ofte motivasjon for å kome i gong. Og der har ordet lekse-kos kome inn. Ei lita skål med nøtter og rosiner, gulrot eller pære kan ha magisk effekt på det å kome i gong! Cashewnøtter og valnøtter er ein stor favoritt, og ein liten neve med nøtter for dag har mykje godt i seg. Helios sine nøtter som er heilt naturelle utan salt og varmebehandling er vår favoritt.

helios-favoritt: nøtter

Heliosfavoritt: nøtter

Cashewnøtter er kilde til protein og kostfiber og har eit høgd innhald av magnesium, jern og sink. I tillegg til å ete dei naturelle er desse nydelege å riste i tørr steikepanne og ha over middagsrettar. Denne kyllingforma eller denne grønsakswoken er gode døme.

Paranøtter er rike på selen og har eit høgt innhald av kostfiber, samt vitamin E, magnesium og tiamin. Ei paranøtt har heile dagsbehovet for selen, så denne et vi berre ein av for dag.

Valnøtter er rike på fleirumetta fett (omega 3), tiamin, B6, magnesium og fosfor. Valnøtter er gode å tilsetje i brødbakst og rundstykker. Her finn du eltefrie fullkornrundstykker med valnøtter.

Hasselnøtter er rike på umetta feitt, vitamin E, B-vitaminar, kalum og magnesium. Hasselnøtter er nydlege i ein kakebotn, og alle mandelbotnar kan lagast med hasselnøtter i staden. For eksempel denne gode kaka.

helios-favoritt: nøtter

Ta deg ein neve nøtter du og!

Kjelder:
Helios.no
http://www.bama.no/frukt/notter/

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.