Reklame

Marokkansk kyllinggryte

Marokkansk kyllinggryte med er klar på under 30 minutt og har ingrediensar som du finn på daglegvarebutikken. Ingen grunn til at du ikkje skal kunne lage denne altså, her er det berre å gle seg til gode marokkanske smakar. Har du lyst å lage vegetarversjon kan du erstatte kyllingen med kikerter og linser.

Marokkansk kyllinggryte

Marokkansk kyllinggryte

Sriracha er den einaste ingrediensa som kanskje kan vere ukjend for deg. Det er chilisaus på flaske som no står i dei fleste asiatiske hjørner på butikkane. Finn du den ikkje kan du bruke sambal oelek i staden, det er endå meir kjent og finnast mest truleg. Verken sriracha eller sambal oelek er originalen i ei marokkansk gryte, her skulle det ha vore chilipastaen harissa. Men sidan vi bur i Noreg får vi trikse det til så godt vi kan og bruke ein anna chiliversjon og krydder i tillegg. Det funkar fint!

yoghurtdressingYoghurtdressingen er rask å røre saman og couscous er ferdig på fem minutt. Hovudregelen er dobbel mengde kokande vatn i forhold til couscous, og så er det berre å la det stå og trekkje i fem minutt.

kyllinggryte med marokkanske smaker

Oppskrift på Marokkansk kyllinggryte

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 2 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 400 g kylling
  • 2 ss nøytral olje
  • 1 dl rosiner
  • 1 ts sriracha
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts Helios kanel
  • 1 ts koriander
  • 1 boks hakka tomat
  • 4-6 dl kyllingkraft
  • 2 gulrot
  • 1 ss sitronsaft
  • Salt og pepar
  • 1 dl mandelflak

Yoghurtdressing

  • 2 dl yoghurt naturell
  • 1 ss sitronsaft
  • 1/2 ts koriander
  1. Del kyllingen i bitar og brun den raskt i oljen. Bruk helst ei gryte med tjukk botn.

  2. Del løk og kvitløk i terningar og mindre bitar og ha i. La alt surre til løken er blank.

  3. Vend inn sriracha og krydder, hell så over hakka tomat og kraft. Kok opp.

  4. Skrell og riv gulrot på eit råkostjarn. Ha dette i gryta saman med rosinene. La småkoke i 10-15 minutt, smak så til med sitron, salt og pepar.

  5. Rist mandelflaka i ei tørr steikepanne og strø over før servering.

  6. Rør saman yoghurtdressingen og lag couscous etter instruksjon frå pakken. Servér med det same.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.