Vekemeny 41

Vekemeny 41 betyr at haustferien har kome til Sunnmøre òg! Eit lite avbrekk frå tidlege skulemorgonar, ettermiddagsaktivitetar og lekser. Perfekt både for små og store, sjølv om det blir jobbing innimellom. Feriekjensle blir det uansett! Så er det berre å håpe at det fine haustvêret frå september held seg så vi kan vere mykje ute i dei herlege haustfargane.

Vekemeny 41

vekemeny 41

Håper du får ei fin veke, med eller utan ferie!

Følg meg gjerne på Instagram: kvardagsmat

Mandag

gratinert romanesco

Gratinert romanesco

Har du sett finare grønsak?! Eg er i allefall bergtatt, og min tidlegare utropte favorittgrønsak artisjokk har fått hard konkurranse… Romanesco er ei kryssing av brokkoli og blomkål, og har… Fortsett å les »

Tysdag

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Pestoen frå Helios er god på smak og knallfin i fargen. Grønt er godt!… Fortsett å les »

Onsdag

krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »

Torsdag

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

Fredag

quesadilla

Quesadilla

Quesadilla er vel ein av dei matrettane som knapt treng ei oppskrift. Men du og du så godt det er! Heilt perfekt som noko lite og godt ein kveld du… Fortsett å les »

Laurdag

tacograteng

Tacograteng

Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos… Fortsett å les »

Søndag

lapskaus

Lapskaus

Lapskaus er ein av dei tradisjonsrettane som vi verkeleg bør halde fast ved! Rimeleg mat som gir rom for å bruke opp restane du har i kjøleskapet og perfekt å… Fortsett å les »

Noko godt

pølser innbakt bursdag

Innbakte pølser

Innbakte pølser er ein fin vri på vanleg pølse med brød, og er litt ekstra stas å ete. Eg passar alltid på å lage nokre snurrar utan pølse inni, og… Fortsett å les »

Brødmat

spelt lang panne

Speltbrød i langpanne

Speltbrød i langpanne blei veldig godt motteke her i heimen, og det er jo tipp-topp når det er eit brød som er enkelt å lage! Ein heilt vanleg ettermiddag eltast… Fortsett å les »

Vekas kake

marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.