Kladdkake

Kladdkake er kaka du rører saman i kasserolla og så heller rett i kakeforma. Inn i omnen i nokre kjappe minutt medan du ryddar kjøkkenet, og så til avkjøling i kjøleskapet. Perfekt å lage når du veit det er gjestar på veg og du ikkje har tid til å stå på kjøkkenet. Så er det berre å hente den fram frå kjøleskapet og servere med mjuk vaniljeis til.

kladdkake

Kladdkake

kladdkake

Følg med på steikinga av kaka mot slutten, det kan vere at temperaturen på din omn er noko annleis enn på min. Denne kaka er absolutt best når den ikkje er for mykje steikt. Den skal vere seig og kladdete som namnet tilseier. Mektig, søt og god. Perfekt å nyte saman med litt vaniljesmak, anten i form av is, kesam eller vispa krem.

enkel kladdkake

Oppskrift på Kladdkake

10-12 porsjonar / Tid: 20 min + 2 timar avkjøling

  • 100 g smør
  • 100 g mørk sjokolade
  • 2,5 dl sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 dl kveitemjøl/glutenfritt mjøl
  • 1 klype salt
  • 3 egg
  1. Skru omnen på 180 grader over-og undervarme.

  2. Smelt smør i ei lita kasserolle. Trekk kasserolla vekk i frå varmen og rør inn hakka sjokolade. Rør til alt er smelta.

  3. Rør inn sukker, mjøl, vaniljesukker og salt.

  4. Rør inn egga, eitt om gongen.

  5. Kle ei rund form på 22 cm med bakepapir i botnen. Hell røra over og set forma på nederste rille i omnen.

  6. Steik kaka i ca 12 minutt, den skal vere fast i kanten men mjuk i midten.

  7. Avkjøl kaka på rist, og så i kjøleskap i 1-2 timar. La kaka vere i forma fram til servering.

  8. Servér kladdkake med vaniljeis og bringebær.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.