September­favorittar

September er overstått og det er tid for å sjå tilbake på denne herlege haustmånaden. Dette må vere den finaste månaden vi har hatt i år, i allefall her på Sunnmøre. Har du tenkt å reise hit på ferie er det berre å notere bak øyret at august og september er tida for å kome. Juni og juli kan du nyte andre stadar;)

I løpet av september var det fleire nye oppskrifter her på bloggen, og her får du favorittane. Håper du finn noko som fristar!

Septemberfavorittar

krema kyllingform

Krema kyllingform er ein fin kvardagsmiddag å setje på bordet og blei godt motteken av dykk lesarar av kvardagsmat. Mild, krema og god.

Cottage Cheese lapper

Cottage Cheese lappar blei populært som frukost og kveldsmat, både i heimen og hjå dykk. Med nyrørt blåbær eller honning på toppen er dette ein vinnar.

Tilslørte plommer

Tilslørte plommer er enkel dessert å diske opp med om du har plommer tilgjengeleg, eller om du har laga plommesyltetøy. Krem, knuste kjeks og plommesyltetøy lag på lag i eit fint glas. Mmm!

krema kantarell suppe

Krema kantarellsuppe med sopp frå butikken eller skogen. Altså, kan det bli betre smak? Her er det berre å nytte haustens gull medan ein kan.

kjapp middag

Steikt ørret med brokkoliwok er kjapp middag med asiatiske smakar. Bruk gjerne laks om det er det du finn på butikken, og heile brokkolien om du har den. Kjapt, sunt og godt.

Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus – enklare middag skal du leite lenge etter! Skjær laks i tynne skiver og rør saman sausen. Fiks ferdig rett som bør etast med pinnar for sjarmen sin skuld. Kniv og gaffel er ikkje heilt det same her;)

Betennelsedempande Golden Milk slo an i forkjølelsesesongen og Smuldrepai med epler er jo aldri feil.

golden milk
smuldrepai med epler

Håper du fann noko som freista!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.