Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus er ein av dei kjappaste rettane du kan lage. Viss du har ei flaske teriyakisaus i kjøleskapet då. Det lagar du på under ti minutt viss ikkje, oppskrift finn du her. Så er det berre å røre saman sausen, dele laksen i skiver og nyte. Fiks ferdig middag eller deilig kveldskos på null komma niks.

Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus

Laks som kan brukast til sushi finn ein på nesten kvar ein butikk no, og dette er nok den kjappaste måten du kan tilberede det på. Har du lyst på noko meir til kan du dele opp ein mango, ein avokado og ein vårløk. Litt salt og pepar og ei klype chiliflak i tillegg gir ein deilig mangosalat til. Laks og mango er nydeleg i lag.

Sashimi med teriyakisaus

Oppskrift på Sashimi med teriyakisaus

2 porsjonar / Tid: 10 min

  • ca 250 g salmalaks
  • 1 ss svarte sesamfrø
  • Frisk koriander

Teriyakisaus

  • 1/2 dl soyasaus
  • 1/2 dl teriyakisaus
  • Saft frå /2 lime
  1. Rør saman sausen.

  2. Del laksen i tynne skiver.

  3. Servér laks med sesamfrø på toppen, kariander og teriakisaus ved sidan av.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.