Omnsbakte beter

Omnsbakte beter er ein nydeleg måte å bruke haustens rotgrønsaker på. Betene blir nemleg søte og nydelege på smak når dei blir bakte i omnen. Dei kan nytast åleine som eit lite måltid eller med smuldra ost på toppen. Fetaost eller blåmuggost er nydeleg saman med det søte. I tillegg er dette nydeleg tilhøyr til rettar med fisk, fugl eller kjøt.

omnsbakte beter

Omnsbakte beter

Rødbetene gir frå seg mykje farge når du skrellar dei, så enkelte likar å bruke hanskar. Om du ikkje er så nøyen på det funkar det fint å vaske seg godt etterpå. Litt raudeskjær på fingertuppane går fint.

omnsbakte beter

Oppskrift på Omnsbakte beter

2 porsjonar / Tid: 1 time

  • 3-4 beter
  • 2 sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 2-3 ss god olivenolje
  • 1-2 ss balsamicoeddik
  • Salt og pepar
  • Timian
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Skrell betane og del dei i båtar.

  3. Skrell sjalottløkane, behald stilkfestet nederst og del i båtar.

  4. Finhakk kvitløk.

  5. Legg beter, sjalottløk og kvitløk i ei lita eldfast form. Ringle over olivenolje og balsamicoeddik. Krydre med salt, pepar og timian.

  6. Dekk forma med lokk eller aluminiumsfolie og steik midt i omnen i 45 minutt.

  7. Strø frisk timian over og servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.