Vekemeny 39

Vekemeny 39 har ei samling av haustlege oppskrifter, sidan vi no er i slutten av september. Den deilige haustlufta er her. Det er kjølege og klare dagar med glimt av sommarvarme. Dette er berre å nyte!

barstadskaret
Ha ei fin veke!

Følg meg gjerne på Instagram: kvardagsmat.

Vekemeny 39

Mandag

alternativ til potetsalat

Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »

Tysdag

torsk pizzasaus

Torsk i tomatsaus

Torsk i tomatsaus har smakar som minner om Bacalao, men har fersk torsk i staden for klippfisk. Skilnadane er fleire, men likheita i smak gjer at denne er populær å… Fortsett å les »

Onsdag

betasuppe

Restesuppe med fårikål

Har du laga fårikål og fått restar? Heldiggris! Eller så er du erfaren og veit at det alltid løner seg å lage for mykje fårikål. Det er jo ein av… Fortsett å les »

Torsdag

nuddelsuppe med kylling

Kyllingsuppe med nudlar

Kyllingsuppe med nudlar er ei av dei raskaste suppene å lage. Nyttar du i tillegg ferdigsteikt kyllingkjøt er det berre risnudlane som treng litt tid, og her snakkar vi typ… Fortsett å les »

Fredag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »

Laurdag

hjortegryte

Hjortegryte

Hjortegryte er klassisk haustmat, i allefall her på desse trakter. Hjortejakta er i gong for lengst, og årets første kjøt har hamna i grytene her. Med nydeleg kryddersmak av kantarellen… Fortsett å les »

Søndag

hønsefrikassé 2.0

Hønsefrikassé 2.0

Hønsefrikassé 2.0 er min andre versjon av hønsefrikassé og du verden så god den blei! Dei høgaste skussmål frå dei som fekk smake, og heldigvis i så rikeleg mon at… Fortsett å les »

Noko godt

tilslørte bondepiker

Tilslørte bondepiker

Hausten er her, og det betyr eplesesong! Bruk epla medan dei er norske og ferske, som her i denne enkle men populære desserten. Tilslørte bondepiker er genial dessert å servere… Fortsett å les »

Brødmat

rugbrød

Brød med rugflak

Brød med rugflak har deilig sprø skorpe og nydeleg smak av rug. Sidan brødet skal langtidsheve på benken treng det ikkje elting, berre tid. Rør saman deiga om kvelden og… Fortsett å les »

Vekas kake

smuldrepai med epler

Smuldrepai med epler

Smuldrepai med epler er ein super måte å bruke haustens epler på. Smuldredeig kan du lage både med og utan kjøkkenmaskin tilgjengeleg, noko som gjer dette til ei fin oppskrift… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.