Steikt ørret med brokkoliwok

Steikt ørret med brokkoliwok er ein perfekt måte å bruke opp brokkolistilken på. Den er jo for god til å kaste! Ved å bruke ein mandolin er det like kjapt å snitte grønsaker som å rive ost. Så om eg kan anbefale eit kjøkkenverkty så er det ein mandolin. Men ein kniv og litt lenger tid går også fint.

steikt ørret med brokkoliwok

Steikt ørret med brokkoliwok

Har du ein heil brokkoli kan du sjølvsagt ha i brokkolibukettane og, saman med stilken. Eller du kan lage denne oppskrifta. Det same gjeld om du finn laks på butikken i staden for ørret. Bruk sjølvsagt det i staden. Det går for det same.

steikt ørret med brokkoliwok
På toppen av det heile strør du sesamfrø. Desse kan du gjerne riste i ei tørr steikepanne før du strør dei over, slik at dei får ekstra mykje smak. Har du svarte sesamfrø kan du bruke det, eller ei blanding av lyse og mørke.

kvardagsmat
Om du et med pinnar eller kniv og gaffel får bli opp til deg. Men eg lovar at kidsa synest middagen blir meir spanande om dei får utdelt pinnar;)

Oppskrift på Steikt ørret med brokkoliwok

2 porsjonar / Tid: 15-20 min

  • 250-300 g ørretfilet
  • 2 ss solsikkeolje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 brokkolistilk/brokkoli
  • 2 vårløk
  • 1 cm ingefærrot
  • 2-3 ss soyasaus/tamari
  • 1 ts honning
  • 1 ts sesamolje
  • salt og pepar
  • 2 ss sesamfrø
  1. Del ørreten i terningar og steik i litt solsikkeolje. La fisken ligge mest mogleg still i panna, slik at den ikkje smuldrar opp. Legg så over på eit fat og set til side.
    Det er ofte nok å la den bli lett bruna på to sider, då vil resten av fisken bli gjennomsteikt når den ligg og kviler.

  2. Skjær tynne strimlar av brokkolistilken, dette går kjappast viss du har ein mandolin. Viss ikkej brukar du ein skarp kniv og deler opp så godt du klarer.

  3. Del løk i bitar og vårløk i ringar. Finhakk kvitløk og ingefær.

  4. Varm resten av oljen i steikepanna og fres løken til den blir blank. Ha i kvitløk, ingefær og brokkoli og fres vidare til brokkolien fell litt saman og har blitt varm.

  5. Hell over soyasaus/tamari, honning og sesamolje og bland godt.

  6. Bland inn vårløken og krydre med salt og pepar.

  7. Legg fiskebitane på toppen og strø sesamfrø over. Servèr gjerne med kokt ris til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.