Golden milk

Golden milk er nydeleg betennelsedempande helsedrikk. Drikken går også under namna gurkemeiemjølk og gurkemeie-te, eller turmeric tea/latte som det heiter på engelsk. Du kjenner kanskje til at gurkemeie har betennelsedempande effekt? Dette er noko som er godt kjent mellom anna i India, der krydderet ofte blir nytta.

Golden milk

Golden milk har i tillegg til gurkemeie også ingefær og kanel med sine gode eigenskapar. For at kroppen skal ta opp gurkemeie på best mogleg måte er det feitt i form av kokosolje også i denne drikken. Og eit hint av pepar som bidreg med det same.

golden milk

Kjenner du at du brygger på noko? Eller vil du kanskje drikke denne som føre var? Denne milde teen kan du gjerne drikke kvar kveld, og det er det mange som gjer. Du kan lage ein større porsjon i slengen og oppbevare i kjøleskap, der held den seg fint nokre dagar.

golden milk

Oppskrift på Golden milk

2 porsjonar / Tid: 10 min

  • 1 ts kokosolje
  • 1 klype pepar
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ss ingefærrot
  • 0,5 ts kanel
  • 1 ss honning
  • 4-5 dl (2 koppar) mandelmjølk el anna mjølk
  1. Ha kokosolje i ei lita kasserolle, og la det smelte på lav varme.

  2. Kjør resten av ingrediensane saman i ein blender.

  3. Hell innhaldet frå blenderen over i kasserolla og varm opp til det ryk, medan du rører.

  4. Hell væska gjennom ei sil over i to koppar.

  5. Nyt golden milk.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.