Chiapudding med surmjølk

Chiapudding med surmjølk blei populært her etter ei stund med mykje surmjølk, granola og bær. Surmjølk og chiafrø måtte jo passe like bra saman som kokosmjølk og chia? Det gjorde det! Faktisk endå betre synest eg akkurat no. Slik er det med kokosmjølk og meg. Vi har eit litt sånn av-på forhold. Og då passar det godt med surmjølk i staden!

Chiapudding med surmjølk

Chiapudding med surmjølk

Chiapudding kan du anten lage kvelden før du skal ete det og så setje det i kjøleskap. Alternativt kan du lage det om morgonen og så ta det med deg på jobb. Det treng ikkje stå kjøleg ein gong, det kan fint stå på skrivebordet fram til lunsj. Då kan du nyte deilig lunsj med bær på toppen.

På toppen av chiapudding kan du bruke både ferske og frosne bær, og du kan velje om du vil ha dei på toppen eller røre dei inn. Blåbær gir puddingen ein herleg lilla farge!

chia pudding

Oppskrift på Chiapudding med surmjølk

1 porsjon / Tid: 2 min + 8 t

  • 2 dl surmjølk
  • 1,5 ss chiafrø
  • 1 ss honning
  • 1 ss valnøtter
  • 1 ss solsikkekjerner
  • 1 ss blåbær
  • 1 ss bringebær
  1. Rør saman surmjølk, chiafrø og honning. Set det i kjøleskapet til dagen etter.

  2. Rør rundt i glaset og fyll på med valnøtter, solsikkekjerner og bær.

  3. Skru på lokket og ta med god niste eller nyt med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.