Krema kantarellsuppe

Krema kantarellsuppe er haust og nydeleg soppsmak. Den luktar minst like godt som den smakar og er ein perfekt måte å bruke skogens gull på. Du kan anten plukke soppen sjølv eller kjøpe den på butikken no i sesong. Finn du traktkantarell kan du bruke den i staden eller i tillegg til kantarell i suppa.

krema kantarellsuppe

Krema kantarellsuppe

kantarell suppe

Sidan skogens gull gjerne blir plukka og seld i mindre mengder er denne oppskrifta for to personar, så kan du heller doble den om det er fleire til bords. Eller om du er heldig og har funne mykje sopp i skogen.

For ordens skuld er soppen på bileta her kjøpt på butikken, sidan eg var seint ute og ikkje fann sopp der eg hadde tenkt;)

krema kantarellsuppe

Oppskrift på Krema kantarellsuppe

2 porsjonar / Tid: 30 min

  • 200 g kantarell
  • 1 ss smør
  • 1 liten løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 4-6 dl kyllingkraft/vatn + buljong
  • 1-2 dl matfløyte
  • 1 ts kvitvinseddik
  • Salt og pepar
  • Frisk timian
  1. Rens soppen.

  2. Skrell og del løk og kvitløk i bitar.

  3. Smelt smør i ei gryte og ha i løken. La løken surre til den blir blank.

  4. Ha i kvitløk og sopp og la det frese i ca fem minutt til soppen fell saman.

  5. Plukk ut nokre av dei små/fine soppane og legg til side til topping.

  6. Ha i kraft og kok opp. La småkoke i 20 minutt.

  7. Kjør suppa glatt med ein stavmiksar eller ein blender.

  8. Rør inn fløyte og smak til med kvitvinseddik, salt og pepar.

  9. Servér kantarellsuppe med sopp og timian på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.