Reklame

Smuldrepai med epler

Smuldrepai med epler er ein super måte å bruke haustens epler på. Smuldredeig kan du lage både med og utan kjøkkenmaskin tilgjengeleg, noko som gjer dette til ei fin oppskrift for hytteturen. Har du litt sure epler? Ingen problem. Strø berre litt meir sukker over. Har du søte epler? Då kan du redusere litt på sukkeret. Smak deg fram!

crumble pie med epler

Smuldrepai med epler

Ei lita teskei kanel gir ekstra god smak saman med epler, og anbefalast varmt. Har du lyst til å tilsetje andre bær og frukter saman med epla så kan du sjølvsagt det. Bruk det du har, eller det du finn i hagen. Plommer, moreller og bær er også nydeleg med smuldretopping på.

smuldrepai med epler smuldrepai med epler

Toler du ikkje nøtter kan du kutte ut dei og erstatte med same mengde havregryn. Likar du rosiner eller tranebær kan det godt få vere med i smuldretoppingen det òg. Her er det lov for kokken å eksperimentere. Lukke til!

eplecrumble

Oppskrift på Smuldrepai med epler

6-8 porsjonar / Tid: 40 min

  • 100 g smør
  • 100 g Helios kokosblomstsukker
  • 50 g Helios havregryn
  • 50 g Helios mandlar
  • 50 g Helios valnøtter
  • 3-4 epler
  • 1 ts Helios ceylon kanel
  • 1 ss perlesukker (kan sløyfast)
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Skrell og del epla i terningar. Fordel dei utover i ei eldfast form.

  3. Strø kanel og 1 ss av sukkeret over epla.

  4. Smuldre saman smør, sukker, havregryn, mandlar og valnøtter i ei kjøkkenmaskin med S-knivar, eller for hand. Gjer du dette for hand kan du gjerne grovhakke mandlar og valnøtter før du smuldrar det saman.

  5. Fordel smuldredeiga over epla og steik midt i omnen i ca 30 minutt.

  6. Strø perlesukker over smuldrepaien og server med vaniljeis eller vaniljesaus til.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.