Jordbærsmoothie

Jordbærsmoothie med berre tre ingrediensar som smakar skikkeleg sommar. Sidan det er brukt mandelmjølk i denne verjsonen er den mjølkefri og vegan, om det er noko du treng å ta omsyn til. Bananen gjer smoothien ekstra søt, og jo brunare den er før du legg den i fryseboksen dess meir søtsmak får du.

jordbærsmoothie

Jordbærsmoothie

jordbærsmoothie

I denne oppskrifta kan du bruke både frosne og ferske bær, det funkar like bra. Det einaste som blir skilnaden er konsistensen på smoothien. Brukar du frosne bær må du kanskje bruke litt meir væske, altså mandelmjølk, enn om bæra er tina. Det ser du lett når du held på å blande. Ein kraftig blender eller ei matmølle gjer jobben med frosne bær lett.

jordbær smoothei

Håper smoothien fell i smak!

Oppskrift på Jordbærsmoothie

2-4 porsjonar / Tid: 5 min

  • 400 g (ei korg) jordbær
  • 1 frosen banan
  • 1-2 dl mandelmjølk
  1. Ha alt i ein blender eller ei matmølle og kjør glatt. Spe med meir mandelmjølk om det trengst.

  2. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.