Affogato

Affogato må vere ein av dei kjappaste og enklaste dessertane du kan servere. Ein dessert for vaksne samtidig som det er lett å lage ein barneversjon. Likar du kaffi? Likar du is? Ja då er dette desserten for deg! Brukar du ein knallgod vaniljeis og nydeleg kaffi får du ein nydeleg dessert.

affogato

Affogato

Det er ikkje vanskelegare enn å helle ein espresso over ei kule vaniljeis. Det skal altså ikkje meir til. Riv du litt mørk sjokolade over i tillegg blir det endå betre.

Når du skal velje is i isdisken så vel den som har ekte vanilje, ikkje vanilin, for å få best smak. Heller ei kule med knallgod is enn tre med midt-på-tredet is spør du meg.

affogato

Vil du lage heimelaga is finn du oppskrifta her.

 

Oppskrift på Affogato

1 porsjon / Tid: 10 min

  • 2 kule vaniljeis
  • 1 dl espresso
  • Riven mørk sjokolade
  1. Ha to kuler is i eit glas eller ei skål.

  2. Strø sjokolade over og hell tilslutt espresso på toppen.

  3. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.