Reklame

Brød med rugflak

Brød med rugflak har deilig sprø skorpe og nydeleg smak av rug. Sidan brødet skal langtidsheve på benken treng det ikkje elting, berre tid. Rør saman deiga om kvelden og la brødet heve på benken om natta. Nydeleg brød til ein sein frukost eller ein god lunsj.

brød med rugflak

Brød med rugflak

Dette brødet kan du anten steike rett på bakepapiret slik eg har gjort her, eller i ei gryte. Om du steiker i ei gryte steiker du først med lokket på i 15 minutt, og så utan lokk i 30 minutt. Når du steiker med lokket på vil vatnet som fordampar frå deiga bli fanga inne i gryta og gi sprø skorpe. Du treng difor ikkje å tømme vatn inn i omnen slik eg gjer i oppskrifta.

brød med rugflakBrødet må avkjølast heilt, på rist, før du deler det. Dersom du startar å skjære i eit brød som ikkje har fått avkjølt seg nok vil det smuldre og bli deigete. Det er vel verdt ventetida for å få best mogleg skiver.

brød med rug

Oppskrift på Brød med rugflak

1 brød porsjon / Tid: 3 t

  • 100 g Helios rugflak
  • 700 g kveitemjøl
  • 6 dl lunka vatn
  • 1 ts sukker
  • 1 ts salt
  • 1/2 pk tørrgjær
  • Litt ekstra mjøl til utbaking
  1. Elt saman alle ingrediensane til du har ei jamn deig. Dekk bakebollen med ein stor tallerken eller eit lokk og la heve i 1-2 timar.

  2. Set omnen på 250 grader over- og undervarme og sett eit steikebrett inni.

  3. Brett deiga nokre gongar over seg sjølv og form til slutt eit rundt brød som du legg på eit bakepapir. Strø litt mjøl over og dekk med eit kjøkkenhåndkle. La etterheve på kjøkkenbenken i ca 20 minutt.

  4. Pensle brødet med litt vatn og strø over rugflak til pynt, eller la det vere som det er. Snitt også gjerne i overflata av brødet med ein skarp kniv.

  5. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og steik brødet på nederste rille i 15 minutt. Legg gjerne 1-2 isbitar eller skvett 0,5 dl vatn inn i omnen før du let igjen omnsdøra. På denne måten er du sikra sprø skorpe.

  6. Etter 15 minutt senkar du temperaturen til 200 grader og steiker i 30 minutt til. Bank på undersida av brødet for å høyre etter ein hol lyd. Høyrer du det er brødet ferdig steikt. Avkjøl brødet på rist.

  7. Nyt digg heimelaga brød med deilig rugsmak.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.