Gratinert blomkål

Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som eit digg tilbehøyr til anna mat. Likar du blomkålsuppe? Ja då bør du prøve gratinert blomkål!

Gratinert blomkålGratinert blomkål

Gratinert blomkål Dersom du skal få denne retten ferdig endå kjappare så kan du dele opp blomkåle i små bukettar. Då treng den nemleg ikkje meir enn fem minutt koketid. Start i tilfelle med å lage sausen, og medan den putrar for seg sjølv så deler du opp og kokar blomkålbukettane. Bonusen er at det er endå enklare å forsyne seg når det er små bukettar i ei form. Men so ser det jo unekteleg flott ut med ein heil blomkål på bordet då.

Du kan smaksette ostesausen med ulike krydder, eller ved å bruke ulike ostetypar. Brukar du ein ost med mykje smak vil det gi ein ekstra smakfull rett. Blåmuggost funkar også her, men gjerne ikkje i så store mengder som oppgitt. Smak deg fram til din favoritt.

ovnsstekt blomkål ostesaus

 

Oppskrift på Gratinert blomkål

2-3 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1 blomkål
  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • 4-5 dl mjølk
  • salt og pepar
  • 2 dl riven ost
  • 1 skvis sitron
  • 4-5 skiver spekeskinke
  • Grasløk eller persille
  1. Kok opp ei stor panne med vatn, fjern dei grøne blada frå blomkålet og legg i vatnet. La småkoke i 10-15 min.

  2. Set på grillelementet i omnen din, eller set omnen på 230 grader.

  3. Smelt smør i ei lita kasserolle, og rør inn mjølet. Spe med mjølka litt etter litt, og rør godt mellom kvar gong slik at du får ein saus utan klumpar.

  4. La sausen småkoke i 5-10 min, slik at mjølsmaken forsvinn.

  5. Krydre sausen med salt og pepar, ha i ein skvis sitronsaft og rør inn riven ost.

  6. Ta blomkålet ut av gryta og legg i ei eldfast form. Hell ostesausen over og set form under grillelementet.

  7. Følg med, dette går kjapt! La retten gratinere til det blir gyllent på toppen.

  8. Servér gratient blomkål med spekeskinke og grasløk på toppen. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.