Reklame

Kikertsalat

Kikertsalat er perfekt tilbehør til grillmat eller faktisk som ein eigen vegetarrett om det fristar meir. Kikerter er kjapt å blande saman med grønsaksfavorittane, og smakar ekstra godt om du har masse friske urter i.

kikertsalatDenne tida på året går det fint å halde liv i urtene, dei klarer seg nesten heilt sjølv. Med litt regnbyger innimellom treng ein faktisk ikkje vatne dei heller her på Vestlandet. Kanskje er du ikkje like heldig med vêret og må ty til vatnekanna innimellom?;)

kikertsalat

Kikertsalat

Kikertene ser finast ut og er best å ete, synest eg, om du fjernar skinnet som er utanpå. Det gjer du enkelt ved å gni dei raskt mellom henda eller i eit kjøkkenhåndkle. Brukar du eit kjøkkenhåndkle er det berre å gni i veg og så la kikertene trille av håndkleet medan skinnet heng igjen i kledet.

salat med kikerter

Oppskrift på Kikertsalat

2 stk eller tilbehør til fleire porsjonar / Tid: 20 min

  • 400 g Helios kikert på boks
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 raud chili
  • 1/2 rødløk
  • Saft frå 1/4 sitron
  • 4 ss god olivenolje
  • 1 ss rødvinseddik
  • 1/2 agurk
  • 15 cherrytomatar
  • 1/2 korianderplante
  • salt og pepar
  1. Skyl kikertene gjennom eit dørslag til det sluttar å skumme. Gni kikertene mellom fingrane eller mellom to kjøkkenhåndkle til skallet/hinna rundt løsnar. Skala fjernar du enkel ved å ha kikertene i ei skål, fylle godt med vatn og så helle av vatnet igjen, utan å helle ut kikertene. Om du gjer det nokre gongar vil alt skalet vere fjerna.

  2. Rør saman olivenolje, sitronsaft, rødvinseddik i ein bolle.

  3. Ha i finhakka kvitløk og chili. Hinna og frø inne i chilien fjernar du enkelt ved å skrape med ei teskei.

  4. Del agurken i to og skrap ut det våte i midten med ei teskei her også. Del opp agurk og tomat i bitar, finhakk koriander.

  5. Bland alt godt saman og krydre godt med salt og pepar. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.