Sommarferien 2017

Så var den overstått. Sommarferien 2017. Deilige veker med late morgonar blanda med fullpakka dagar med kjappe morgonar. Det gjeld å nytte tida for å nå over alt ein vil i desse deilige vekene, og så gjeld det å setje av tid til gjere ingenting. Variasjon og lett planlegging er nøkkelen for at alle i familien skal bli nøgde, og det trur vi faktisk at vi fekk til.

Vi har vore både på fjellet, i byen, i telt, på hotell, på hytte og på campingplass. Bilen var så stappfull av soveposar, sengkle, telt og anna at det ikkje var råd å kjøpe med seg noko. Turen innom IKEA var dermed berre å hoppe lett over, til glede for resten av familien. Men det gjekk fint altså!

I staden samla vi ein haug med fine opplevingar og eit lass med bileter. Vi fekk bada både i fjellvatn og i sjøen, sykla langs Göta Kanal, padla kajakk og ete mykje god mat. I nokolunde rekkjefølgje får du eit glimt her frå Rondane, Beitostølen, Bitihorn, Brimi Klatrepark, Oslo, Mariestad i Sverige og til slutt ein elg på Lom.

Håper du har hatt ein fin ferie òg!

sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017 sommarferien 2017

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.