Gratinert løksuppe

Gratinert løksuppe er nydeleg godt samstundes som det må vere ei av dei billegaste suppene du kan lage. Perfekt for studentar som treng næringsrik mat for få kroner. Kjenner du at forkjølelsen kjem snikande er dette verdas beste suppe å få servert, spesielt om du har kyllingkraft liggande i frysaren som du lett kan leite fram.

gratinert løksuppe

Gratinert løksuppe

For at løken skal få den beste smaken må du gi den litt tid. Å la suppa småkoke og godgjere seg ein halvtime før du serverer den gjer underverk for smaken. Det anbefalast som i oppskrifta under. Den halvtimen treng du ikkje følgje med på komfyren, og tida kan lett nyttast til noko anna kjekt. Som til dømes husarbeid eller studier;)

hjemmelaget løksuppe
Har du ikkje grillelement i steikeomnen din kan du hoppe over gratineringa og servere rista brød ved sidan av suppa i staden. Det smakar også godt!

Gratinert løksuppe

Oppskrift på Gratinert løksuppe

2 porsjonar / Tid: 45 min

  • 3-4 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss smør
  • 1 ts sukker
  • salt og pepar
  • 8-10 timiangreiner el. 1 ts timian
  • 6-8 dl kyllingkraft
  • 2 brødskiver
  • Riven ost
  1. Del løken i ringar eller bitar. Begge deler funkar fint.

  2. Smelt smøret i ei gryte med tjukk botn og ha løken i. Rør rundt jamt medan den steiker og blir blank.

  3. Strø sukkeret over løken og fortsett å steike den til den blir brun og karamellisert. Bruk høg nok varme til at dette skjer, men ikkje så høg at det blir brent. Her må du følge med altså.

  4. Finhakk kvitløken og la den steike med eit minutt eller to.

  5. Hell over kyllingkrafta og kok opp. Ha i timian og la suppa småkoke i 20-30 minutt for å få fram den gode smaken.

  6. Rist brøda i ein brødrister eller under grillelementet i steikeomnen.

  7. Aus opp suppa i skåler, smak gjerne til med salt og pepar, og legg brødskiva på toppen.

  8. Strø osten over og set suppeskålene på eit steikebrett rett under grillelementa i steikeomnen. Gratinert suppa til osten er gyllen. Følg nøye med, dette går kjapt!

  9. Servér deilig gratinert løksuppe med det same!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.