Asiatisk laksewok med nudlar

Asiatisk laksewok med nudlar er kjapp middag med sunne ingrediensar og gode smakar. Laks er lett å få tak i på butikken og treng ikkje lang tid i panna før den er ferdigsteikt. Dei asiatiske sausane og oljane du treng for å få den rette smaken håper eg du har ståande i kjøleskapet allereie. Viss ikkje så anbefalar eg at du stikk innom ein velassortert butikk. Asiatisk mat utan sesamolje er liksom ikkje heilt det same.

laksewok med nudler

Asiatisk laksewok med nudlar

I denne versjonen har eg nytta sobanudlar som du finn å kjøpe på helsekost. Sobanudlar er japanske tynne nudlar laga av bokkveitemjøl som smakar skikkeleg digg. Finn du ikkje dette kan du sjølvsagt nytte andre nudlar, følg berre instruksjonen på pakken.

Det er uansett viktig at du tek nudlane rett frå kokevatnet og blandar inn i woken. Dersom dei blir liggande etter at kokevatnet er helt av vil dei klistre seg fast i kvarande og bli til ein ball. Må dei ut av kokevatnet før woken er klar kan du blande inn litt olje for å unngå problemet.

TIPS

  • Hopp over sriracha-sausen og set heller fram flaska på bordet dersom du skal servere denne retten til born eller vaksne som er skeptiske til chili. Då kan dei som vil ha litt meir futt enkelt blande inn nokre dråpar etter at dei har fått sin porsjon på tallerkenen.
  • Bytt ut svarte sesamfrø med vanlege sesamfrø om du ikkje finn dei på butikken. Aller best blir sesamfrøa om du tek deg tid til å riste dei litt i ei tørr steikepanne før du strør dei over. Men det er inga krise om du hoppar over.
Asiatisk laksewok med nudlar

Oppskrift på Asiatisk laksewok med nudlar

4 porsjonar / Tid: 20 min

  • 500 g laksefilet
  • 2-3 ss solsikkeolje
  • 1 rødløk
  • ca 2 cm ingefærrot
  • 2 fedd kvitløk
  • 1/2 brokkoli
  • 2 gulrøter
  • 1-2 dl frosne grøne erter
  • 1 ss sesamolje
  • 3 ss ketjap manis (søt soyasaus)
  • 1 ts sriracha (chilisaus)
  • 250 g nudlar
  • 1-2 ss svarte sesamfrø
  1. Kok nudlar i ei lita gryte for seg, etter oppskrift på pakken. Dei siste minutta av koketida legg du i dei frosne ertene, slik at dei blir varme.

  2. Del laksefiletane i avlange terningar og steik i halvparten av solsikkeolja. Brun dei godt på kvar side og legg dei så over på ein tallerken.

  3. Skrell ingefærrota ved hjelp av ei teskei, og hakk opp i små bitar. Kvitløken skal sjå sameleis ut.

  4. Skrell og del opp løk og gulrøtter i skiver. Del brokkolien i små bukettar og del stilken i tynne stavar.

  5. Rør saman sesamolje, ketjap manis og sriracha. Sjå tips over om du skal servere til born.

  6. Ha resten av solsikkeolja i panna og fres raudløken til den blir blank. Ha i ingefærrot og kvitløk og la det frese med.

  7. Legg til gulrot og brokkoli og fres nokre få minutt til.

  8. Hell av kokevatnet på nudlane og ertene og ha begge deler i wokpanna. Hell over sesamoljeblandinga og vend godt saman slik at alt blir dekka.

  9. Legg laksen på toppen og strø sesamfrø over. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.