Vannmelonsalat med mynte og feta

Vannmelonsalat er friskt og godt tilbehør til sommarmaten, med dei aller finaste fargane. Mat i alle regnbogens fargar blir lett med denne som ein del av grillmaten! Frisk mynte og salt fetaost i lag med den søte melonen funkar veldig bra. Kjøp med deg ein melon heim frå butikken og lag digg salat!

water melon saladVannmelonsalat med mynte og feta

Fetaost i blokk som du smuldrar på toppen er min favoritt, og då ser salaten absolutt friskast og finast ut. Dersom du blandar osten inn i salaten blir salaten kvit/lysrosa ut. Med smuldring på toppen unngår du dette og beheld både farge og konsistens på dei ulike ingrediensane.

Skal salaten stå lenge før du skal servere den blir den finast om du monterer den rett før servering, eller i allefall ventar med å smuldre osten over. Ein time i kjøleskap går heilt fint.

vannmelonsalat med mynte og fetaKjøper du ikkje mynte på butikken men har sjølvdyrka frå hagen brukar du berre omlag like mykje som ei plante får butikken. Sidan både vannmelon og mynte kjem i ulike storleikar er ikkje denne salaten absolutt i mål. Smak deg fram og bruk det du har. Har du norske blåbær for hand så bruk gjerne det!

vannmelonsalat med mynte og feta

PS. Grilla vannmelon er også knallgodt!

 

Oppskrift på Vannmelonsalat med mynte og feta

4-6 porsjonar / Tid: 15 min

  • 1 liten vannmelon
  • 150 g blåbær
  • 1 mynte-plante
  • 100 g feta
  • 3 ss god olivenolje
  • 1 ss sitronsaft + litt skal
  • salt og pepar
  1. Bland saman olivenolje, sitronsaft, salt og pepar.

  2. Del vannmelon i bitar og ringle olje-dressingen over.

  3. Legg vannmelon, mynte og blåbær lagvis i ei vid skål eller på eit fat.

  4. Smuldre fetaost på toppen og riv litt av det gule skallet frå ein sitron over.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.