Reklame

Helios-favoritt: havregryn

Eit av dei Heliosprodukta som det går mest av i vår heim er havregryn. I skrivande stund har vi sikkert 15 pakkar havregryn ståande på buda, og det går kjapt med. Vi et havregrynsgraut, havregryn og surmjølk, havregryns-müsli og brødbakst med havregryn i. Til og med vaffelrøra blir spedd med havregryn. Det er jo så godt!

Vi bestiller mesteparten av våre produkt til heimen gjennom Soma, der du får 20% rabatt på heile bestillinga ved kjøp over kr 799,-. Bruk rabattkode soma20 når du kjem til kassa. Då er det berre å fylle opp buda di også;)

havregryn musli
Når det er slik at vi et så mykje av ei matvare vil eg at den matvara skal vere fri for kjemiske sprøytemiddel og matsminke. Difor vel vi Helios sin havregryn. Helios har det breidaste utvalet av økologisk og biodynamisk dyrka mat og drikke i Noreg og har blitt enklare og enklare å få tak i.

  helios havregryn
Helios-favoritt: havregryn

Helios sine verdiar er nærast uendra sidan dei starta i 1969 og er meir trendy enn nokon gong. Verdiane er: kvalitet, tryggheit, omtanke for naturen og menneska, ekte og ærlege råvarer. Økologisk mat blir meir og meir tilgjengeleg både i butikkar og på nett, og etterspurnaden aukar for kvart år.

Har du først fått augene opp for økologiske produkt vel du gjerne meir og meir av denne typen. Frå nettsidene til Helios har eg henta nokre punkt om du treng nokre siste argument for å handle økologisk.

5 gode grunnar til å velje økologisk:

  • Du får mat utan restar av sprøytemiddel.
  • Du får mat med meir smak.
  • Økologisk landbruk er godt for vatnet vårt.
  • Økologisk landbruk er porsitivt for bønder i utviklingsland.
  • Med økologisk landbruk tek vi vare på bier, humler og andre insekt som hjelp oss med 1/3 av verda sin matvareproduksjon.

helios-favoritt: havregryn
Det var altså rabattkode: soma20 inne på Soma, for å få 20% rabatt på heile bestillinga ved kjøp over kr 799,-.

 

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.