Dampa nykål

Dampa nykål må vere eit av sesongens aller enklaste tilbehør å servere. Så lite arbeid, og så godt på smak! Finn du nykål eller sommarkål på butikken så ta med deg eit heim, del det i fire og damp det. Legg på ein klatt smør og vips har du tilbehør både til grillmat, kjøttkaker eller speilegget.

dampa nykål
Her får du den alle enklaste måten å dampe nykålet på, på ei rist over kokande vatn. Har du ikkje rist kan du legge nykålen rett i den lille mengda med vatn, gjerne med litt smør i kokevatnet også. Pass på at du ikkje dampar kålen for lenge slik at den fell heilt saman. Det er absolutt best med litt knas når den skal etast.

smørdampa nykål
Vil du ikkje ha smør over kålen kan du bruke di beste olivenolje og ringle over i staden. Har du ein sitron liggande kan du bruke litt av den også. Det gjer alltid godt med ein liten skvis sitron over før servering. Håper du fekk lyst til å at med deg nykål neste gong du ser ein og diske opp men enkelt sommar-tilbehør!

dampa nykål  Dampa nykål

Oppskrift på Dampa nykål

4 porsjonar / Tid: 15 min

  • 1 nykål
  • 2-3 dl vatn
  • 4 ss smør
  • salt og pepar
  1. Del nykålen i fire båtar.

  2. Fyll vatn i ei vid gryte, legg ei rist over og legg nykål med snittsida ned.

  3. Kok opp og la vatnet syde slik at det avgir damp til kålbitane. Legg på eit lokk og la nykålen dampe i 4-5 minutt til den blir mør.

  4. Løft kålen over på tallerken og legg 1 ss godt smør på kvar båt. Krydre med salt og pepar og servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.