Vekemeny 29

Søndagen er her og det er tid for vekemeny igjen! Endeleg er det sommarfeire for vår del, og håpet er at flest mogleg av måltida kan nytast utandørs. Håper du får ei fin veke, uansett kvar i verda du er og fortsatt god sommar!

Vekemeny 29

Mandag

melanzane alla parmigiana

Bakt aubergine i tomatsaus

I dag byr eg på deilig ovnsbakt aubergine lagvis i god spicytomatsaus, toppa med parmesanost. Ein variant av den populære italienske Melanzane alla parmigiana som anbefalast på det varmaste. Bakt… Fortsett å les »

Tysdag

Tomat- og basilikumsalat

  Tomat, basilikum og ost er smakar som kler kvarandre godt. I denne retten kan du bruke mozzarellaost, fetaost eller blåmuggost akkurat slik du vil. Eg hadde ei blokk med… Fortsett å les »

Onsdag

halloumi i pitabrød

Halloumipita

Halloumipita er ein fin vegetarrett som er rask å snekre saman og smakar godt. Halloumi har ikkje vore så lett å få tak i her i distriktet, men no finn… Fortsett å les »

Torsdag

Rask nuddelsuppe til to

Rask nuddelsuppe til to

Rask nuddelsuppe til to er enkel å lage og smakar godt. Du kan variere suppa med kva type nudlar og grønsaker du brukar og finne dine eigen favoritt. Om du… Fortsett å les »

Fredag

laks med spicy mango

Grilla laks med spicy mango

Eg fekk nyleg ein flunkande fersk vill-laks frå ein ivrig laksefiskar-svoger! Sånt er jo fantastisk kjekt for ein hobby-matbloggar som meg, og gjer det ekstra stas å lage middag. Ved… Fortsett å les »

Laurdag

THaisalat

Thaisalat med biff og mango

På ein fjelltur tidlegare i sommar fortalde ei venninne meg om deira siste favoritt på kjøkkenet, nemleg Thaisalat med biff. «Biff?!» tenkte eg, men då ho hadde skildra ferdig måtte… Fortsett å les »

Søndag

Hamburger med tomatsalsa og pommes frites

Heimelaga hamburger og pommes frites slår all gatekjøkken mat du har ete, og hamnar på lista over noko du kunne bestilt på ein god restaurant. Du kan gjere mykje klart… Fortsett å les »

Noko godt

salte mandlar

Salte mandlar

Salte mandlar altså. Vi er heilt hekta heile gjengen her! Mamma kom heim frå hytta og fortalde om omssteikte sprø mandlar med salt på, som ho hadde laga så lett… Fortsett å les »

Brødmat

langpannebrød med havregryn og cottage cheese

Langpannebrød med havregryn og cottage cheese

Langpannebrød med havregryn og cottage cheese er ein ny vri på favoritten Proteinrundstykke. I staden for å lage rundstykker fordeler du deiga/røra i ei lita langpanne og steiker eit langpannebrød…. Fortsett å les »

Vekas kake

Sjokolade- og chiliterte

Sjokolade- og chiliterte

Å lage terte er slett ikkje vanskeleg, men du treng litt tid. Om du innfinn deg med at du må gjere ting litt etappevis er dette ein fin-fin dessert å… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.