Potetsalat

Potetsalat høyrer med på ein kvar grillfest, og denne versjonen lagar du lett sjølv. Den største delen av jobben er å koke potetene tidleg nok, slik at dei rekk å bli kalde. Difor kokar eg helst potene kvelden før eg treng potetsalat, slik at dei er kjøleskapskalde når salaten skal monterast.

potetsalat
Den beste og enklaste potetsalaten får du om du brukar poteter med tynt skal på. Då treng du ikkje skrelle potetene før koking, og det gjer jo jobben på kjøkkenet endå enklare. Har du ikkje poteter med tynt skal kan du sjølvsagt skrelle andre poteter, anten før eller etter dei er kokte, og bruke dei i staden. Men finn du poteter med tynt skal på butikken så vel gjerne dei.

Dette er oppskrift på ei skål som høver fint å ta med for å setje på koldtbordet og er heilt klassisk. Min favoritt, utan egg og epler i. Vil du halvere oppskrifta så kan du gjerne gjere det, eller du kan gjere den litt meir spanande i smaken. Ei teskei chilipulver, grillkrydder eller paprikapulver blanda inn smakar veldig godt.

potetsalat

 

Oppskrift på Potetsalat

10 porsjonar / Tid: 2 t

  • 2 kg poteter
  • 2,5 dl majones
  • 3 dl rømme
  • 4-5 skiver sylteagurk
  • 1 ts søt sennep
  • 1 purre
  • salt og pepar
  1. Kok potetene møre, hell av kokevatnet og la dei dampe seg tørre før du avkjøler dei heilt. Potetene kan gjerne stå i kjøleskap til dagen etter.

  2. Rør saman majones, rømme og sennep. Krydre med salt og pepar.

  3. Ha i finhakka sylteagurk og purre i skiver.

  4. Vend inn potetbitane og strø litt ekstra salt og pepar på toppen. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.