Brokkolisalat med druer

Brokkolisalat med druer er knasande sprø og digg å setje på bordet på ein sommarfest. Med friske og søte druer blir dette ein versjon som har det beste frå brokkolisalat og druesalat blanda i eitt. Riven ost og krønsj frå nøttene på toppen er prikken over i’en! Ein perfekt salat å ta med som gjest, som i tillegg er kjapp å lage.

den beste brokkolisalatBrokkolisalat med druer

Brokkolisalat har blitt veldig populært dei siste åra, og her på bloggen finn du fleire variantar. Når ein først har laga denne salaten ein gong og sett kor enkelt det er blir den raskt ein favoritt. Som bonus et vi jo meir brokkoli, og det må jo alle vere nøgde med?

brokkolisalat
Skal du servere brokkolisalat til gjestar du ikkje er sikker på om det er allergiar hjå, anbefalar eg at du skippar nøttene eller har dei i ei skål ved sidan av. Så blir det meir å velje i av mat for dei med allergi og så slepp du kjedelege episoder med reaksjonar. Salaten er god både med og utan nøtter!

brokkolisalat med druer

Oppskrift på Brokkolisalat med druer

4 porsjonar / Tid: 15-20 min

  • 2 dl majones
  • 2 dl lettrømme
  • 1 ts søt sennep
  • 1 ss sitronsaft
  • salt og pepar
  • 1 brokkoli
  • 1/2 purre
  • 500 g raude druer
  • 2 dl riven ost
  • 1 dl valnøtter
  1. Rør saman majones, rømme, sennep, sitronsaft, salt og pepar.

  2. Skyll og del brokkolien i mindre bitar. Del opp stilken også, den er knasande god.

  3. Del purreløk i halve ringar.

  4. Del druene i to. Er druene små kan du la vere, eller dele halvparten av druene og behalde den andre parten heile.

  5. Bland inn brokkoli, druer, purreløk og riven ost i dressingen.

  6. Pynt med valnøtter på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.