Perfekte potetbåtar

Eg har skjønt at seige, soggy, understeikte potetbåtane er eit reelt problem. Eller kanskje ikkje eit problem. Ei utfordring som må løysast! Og for all del -dei seige og soggy har vi hatt her i heimen også. Før vi knekte koda. Og koda er enkel: skru opp temperaturen!

perfekte potetbåtar   Skal du få knasande sprø potetbåtar er det temperaturen som er det viktigaste momentet. Og så finnaste det nokre andre små punkt på lista til då. Les under her, så blir det perfekte potetbåtar neste gong du diska opp!

perfekte potetbåtarTriks for perfekte potetbåtar:

  1. Vel poteter med tynt skal. Type amadinepoteter eller nypoteter.
  2. Del kvar potet i åtte båtar, ikkje berre fire.
  3. Bruk nøytral olje som toler høg temperatur. Type solsikkeolje eller nøytral kokosolje.
  4. SKRU OPP TEMPERATUREN på omnen din til 250 grader! Ikkje noko steiking på 200-225 grader her. Vri godt opp og hald deg i nærleiken, når potetene først får farge går det kjapt frå perfekt til brent.
perfekte potetbåtar

Oppskrift på Perfekte potetbåtar

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 12 poteter med tynt skal
  • ca 1 dl olje (solsikke)
  • salt og pepar
  1. Set omnen på 250 grader over- og undervarme. Jepp -det må vere så varmt!

  2. Vask potetene godt og del så kvar potet i åtte båtar. Det en enklast ved å dele i to, så dele i to og så i to igjen.

  3. Ha poteten over i ein bolle og ringle over oljen. Krydre med salt og pepar og bruk så fingrane til å vende rundt slik at alle poteten er dekka av olje.

  4. Kle eit steikebrett med bakepapir og hell så poteten over på brettet.

  5. Fordel potetene godt ut over, slik at ingen ligg over kvarandre.

  6. Steik potetene midt i omnen i ca 20 min. Sjekk etter ca 15 min. Du treng ikkje røre rundt på potetbåtane, dei blir knasande spør og gode sjølv om dei får ligge heilt i fred.

  7. Strø litt ekstra salt over og servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.