Grøn smoothie med chiafrø

Grøn smoothie med chiafrø er kjapp å lage og frisk på smak. Ingefær gir det lille kicket som trengst i ein grøn smoothie. Å bruke ein frosen banan gir kald og god smoothie, og så gir det ekstra søt smoothie om du har venta til bananen blei brun. Brune bananar må du ikkje kaste, dei deler du raskt i bitar og legg i ein liten frysepose. Då er du alltid parat til å lage nydeleg smoothie.

grøn smoothie med chiafrø

Grøn smoothie med chiafrø

Om du ikkje har ein brun banan liggande i frysaren din kan du sjølvsagt nytte ein vanleg gul banan. Då er det godt å tilsetje nokre isbitar for å få iskald smoothie, og kanskje noko anna søt frukt. Gul banan er nemleg ikkje like søt på smak som brun banan. Har du kanskje ein pose frosen mango liggande i frysaren? Litt av den eller ei skei honning vil gi søtare smak på smoothien din.

grønn smoothie
Chiafrøa er ein bonus i smoothien, og gjer den ekstra proteinrik. Ein smoothie som er perfekt som mellommåltid eller for å ta med når du skal ut på farten. Om du ikkje drikk opp alt held den seg fint i kjøleskap til dagen etter, berre rist den litt så er den klar til å drikkast.

Oppskrift på Grøn smoothie med chiafrø

2 porsjonar / Tid: 5-10 min

  • 1 frosen banan
  • 30 g spinat
  • 1/4 agurk
  • ca 1 ss ingefærrot
  • 1 ss chiafrø
  • 2-3 dl havremjølk (eller anna mjølk)
  1. Ha alt i ein blender.

  2. Kjør til det er ei jamn masse.

  3. Nyt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.